Inaktiv

Sjukepleiar til faste stillingar ved somatiske avdelingar

Arbeidsgiver
Helse Bergen
Stillingstittel
Sjukepleiar til faste stillingar ved somatiske avdelingar
Frist
23.05.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Haukeland universitetssjukehus treng fleire dyktige og engasjerte sjukepleiarar som ønsker å jobbe ved somatiske einingar.
Stillingane ved den enkelte avdelinga kan du som har autorisasjon og du som får autorisasjon innan sommaren søke.

Oppstart i stillingane vil vere frå snarast eller etter nærare avtale med avdelinga. Ved oppstart i sommar ønsker vi at du kan arbeide minimum 4-6 veker samanhengande i perioden veke 25/26 - 32/33. Du kan lese meir om avdelinga ved å trykke på link i navnet, og du finn meir info lenger nede i annonsa.

Vi har ledig faste stillingar ved desse avdelingane:

  • Lungeavdelinga, Post 1
  • Hovud/hals og augeavdelinga
  • Kreftavdelinga, Post 2
  • Gastrokirurgisk avdeling, Post 1 og Post 3
  • Mottaksklinikken, Akuttmottak
  • Hjarteavdelinga,Hjarte post 1s2v
  • Kirurgisk mottak/dageining
  • Augeavdelinga Poliklinikk
  • Ortopedisk klinikk,Poliklinikk
  • Øyre-nase-hals, Poliklinikk

Oppgi øverst i søknaden kva stilling(ar) du søker i prioritert rekkefølge. Som nyutdanna må du legge ved karakterutskrift frå sjukepleieutdanninga og 2 referansar frå nokon som har vurdert deg i praksis eller lønt arbeid. Søkjarar som av ulike årsaker ønsker redusert stilling blir også oppmoda til å søke.



Arbeidsoppgåver

Lungeavdelinga er mellom dei største lungemedisinske einingane i landet og er leiande innan pasientbehandling, utdanning og forsking i lungemedisin.
Lunge post 1 har kombinert funksjon med sengepost og respiratorisk overvaking (ROE). Av totalt 16 senger er inntil 8 tiltenkt pasientar som treng respiratorisk overvaking og pustehjelp (BiPAP/heimerespirator). Hovudgruppa av pasientar er kols, respirasjonssvikt, lungebetennelse.
Kontakt: Lillian Hopland, Tlf. 55973552

Hovud/hals og auge avdelinga er ein kirurgisk sengepost og høyrer til Klinikk for hovud/hals. Posten har inneliggande pasientar med mange varierte diagnosar i auge, kjeve og øyre-nase-hals. Posten har 27 senger og pasientar over 18 år. Klinikken har regionalt behandlingsansvar for kreft i hovud-hals i samarbeid med Kreftavdelinga.
Kontakt: Kjersti Walde, Tlf. 55973509/98423714

Kreft post 2 er ein av to sengeposter ved Avdeling for kreftbehandling og medisinsk fysikk med nær 80 tilsette. Det er ein sengepost med 35 senger, her behandlar vi i hovudsak diagnosar knytta til kreft i hovud/hals, øvre mage /tarm, lunge, pancreas, urinvegar, prostata, lymfom og sarcom. Avdelinga har ein regionfunksjon og landsfunksjon innanfor einskilde diagnosar. Behandlinga som blir gitt er i kurativ og pallitativ intensjon, som mellom anna medikamentell kreftbehandling, strålebehandling, HMAS, pre-og postoperativ sarcombehandling og biverknader knytt til sjukdom og behandling.
Kontakt: Birgitte Langøy Olsen, Tlf. 45860728

Gastrokirurgisk avdeling post 1 og post 3 har ledige stillingar med tiltredelse 17.06 eller etter avtale. Arbeidstid i 3-delt turnus med arbeid kvar 3. helg. Vi er ein spennande gastrokirurgisk sengepost med 18 senger. Vi behandlar både elektive og akutte pasientar med sjukdommar i heile mage- og tarmsystemet. Vi har også palliative pasientar. Her blir du god på pre- og postoperativ oppfølging av kirurgiske pasientar. Som sjukepleiar får du utført mange spennande prosedyrar, og blir god på teknisk sjukepleie. Svært lærerike postar med godt arbeidsmiljø og engasjerte kollegaer. Vi har fokus på fagkunnskap, innovative løysingar og forbetringsarbeid.
Kontakt post 1: May-Britt Sudmann, Tlf 90784700 / Anette Haatuft Haugland, Tlf 55973408. Post 3: Marit Aarnes, Tlf. 95990023

Kvalifikasjonar (overskrift)

Mottaksklinikken, Akuttmottak har ledige stillingar i tredelt turnus. Det må påreknast arbeid kvar 2.helg i ferieavviklingsperioden sommaren 2024. Krav om minst 2 års relevant klinisk yrkeserfaring. Tiltredelse i stillinga vil vere før ferieavviklinga startar.
Akuttmottak tar imot alle typer pasientar som treng ØH-hjelp, frå enkle problemstillingar til alvorleg sjukdom og skade. I gjennomsnitt kjem det inn 100 pasientar i døgnet, kring 40.000 pasientar kvart år. Vi tar imot pasientar som treng behandling eller vurdering i spesialisthelsetenesta på grunn av sjukdom eller skade. Pasientane blir tilvist frå fastlege eller legevakt, eller kommer direkte med ambulanse eller luftambulanse. Kontakt: Robert Nekkøy 55972526

Hjerte Post 1s2v er ein stor hjartemedisinsk sengepost med 42 senger og ca 100 tilsette. Du finn oss i Sentralblokken 6. etasje
syd/vest. Posten handterer både pasientar som treng hjelp straks og elektive pasientar. Vi har både lokal- og regionalfunksjon. Hovedgrupper av pasientar vi
behandlar er pasientar med hjarteinfarkt (NSTEMI, STEMI etter 24 timar) og UAP,
hjartesvikt, hjarterytmeforstyrrelsar og andre hjartemedisinske tilstandar som
f.eks. myokardit og perikarditt. Kontakt: Beate Solheim Hansen , Tlf. 55972202

Kirurgisk mottak/dageining har ledig stilling pt på dagtid med tiltredelse 01.09 eller etter nærare avtale. Vi tar årleg i mot ca 4000 pasientar til preoperative førebuingar. Pasientane tilhøyrer fagområda Gastrokirurgi, Urologi, Bryst/ endokrinkirurgi, Plastikkirurgi og Karkirurgi. Det preoperative arbeidet består i å informere pasientane om førebuingar før operasjon samt forløpet etter kirurgi. Sjukepleiar har ansvar for logistikk rundt pasienten og sørger for at pasienten er klargjort for operasjon. Vi har også ein dageining der pasientane blir observert etter biopsi, innlegging/skift av pyelostomikateter, sklerosering og div. andre dagprosedyrar. Fordel med erfaring frå kirurgiske pasientar
Kontakt: Nina Martine Andresen, Tlf. 55970017

Augeavdelinga tilbyr både medisinsk og kirurgisk behandling, i tillegg til øyeblikkeleg hjelp til pasientar med augelidingar. Auge-poliklinikk er ei stor eining i Augebygget og i Glassblokkane. Til oss kjem pasientar for utgreiing, undersøkingar og dagbehandling.
For tida er arbeidstida måndag til fredag. I tillegg inneheld stillinga ei vaktordning på ettermiddag/kveld frem til kl 19, i samarbeid med vaktlege.
Vi søkjer sjukekepleiar som har klinisk erfaring, gjerne innanfor nemnde fagområde, som brenn for fagutvikling. Sjukepleiar skal bidra til å oppretthalde og forbetre kvaliteten i operasjons-sjukepleietenesta og poliklinikken, ved å legge til rette for utvikling av kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vi er ei avdeling som er prega av eit godt samhold og arbeidsmiljø, og vi har eit stort fokus på fagutvikling og forbetringsarbeid. Kontakt: Anna Elisabeth Thunström, Tlf. 97155343

Ortopedisk klinikk, poliklinikk for vaksne og barn i Glassblokkene. Vi tar i mot nyhenviste pasientar og pasientar til kontroll etter skadar og operasjonar. Sjukepleiar tilrettelegger og assisterer lege med sårskift, gipsskift, operasjonar etc. Arbeidstid er 08:00-15.30/08.30-16:00 samt 3. kvar helg på sengepost.
Kontakt: Unni Mæhle Tlf. 95011719

Øyre-nase-hals poliklinikk har ledig ein 100% stilling i poliklinikk, her er det ønskjeleg med erfaring frå øyre-nase-hals, HMS arbeid og operasjonsplanlegging. Og ein delt stilling med 60 % i poliklinikk og 40 % hode/hals sengepost, her er det ønskjeleg med pre- og post kirurgisk - samt øyre-nase-hals erfaring. Øyre-nase-hals poliklinikk er ein aktiv poliklinikk som behandlar både elektive og øyeblikkelig-hjelp-pasientar. Utgreiing, behandling og kontroll av pasientar blir utført både i team med andre yrkesgrupper, og ved sjølvstendige sjukepleiekonsultasjonar. Vi har også noko dagkirurgisk småkirurgi ved poliklinikken. Personleg egnetheit vil bli vurdert.
Kontakt: Marius Aastvedt Pallesen, Tlf. 55970934

Du må:

  • Ha eller vil få norsk autorisasjon etter endt utdanning vår/sommar 2024
  • Ha erfaring frå helse- og omsorg (ønskeleg men ikkje eit krav)
  • Ha gode kunnskapar i norsk skriftleg og munnleg
  • Vere eigna til å jobbe med pasientgruppa

Vi tilbyr deg:

  • Ein arbeidsplass med høg fagleg standard, tverrfagleg arbeidsmiljø med fokus på fagleg og personleg utvikling
  • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Mangfaldserklæring
  • Vi ønsker å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søke ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming
  • og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønsker å legge til rette for inkluderande
  • rekruttering.

Kontaktinformasjon

Sjå kontaktperson , oppgitt for dei enkelte stillingane

Linda Røthe Ystanes, Rådgivar, linda.rothe.ystanes@helse-bergen.no

Arbeidsstad

Haukelandsveien 22

5021 Bergen

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Bergen



Referansenr.: 4810768321

Stillingsprosent: 100%

Fast

Søknadsfrist: 23.05.2024


Sektor
Offentlig
Antall stillinger
12
Sted
Haukelandsveien 22, 5021 Bergen
Stillingsfunksjon
Sykepleier
FINN-kode
351999411
Sist endret
13. mai 2024 10:45