Inaktiv

Vi søker sjukepleiar til faste nattevaktsstillingar

Arbeidsgiver
Barne- og ungdomsklinikken/ Barnekirurgi, Helse Bergen
Stillingstittel
Vi søker sjukepleiar til faste nattevaktsstillingar
Frist
21.05.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Barne- og ungdomsklinikken (BUK) er landets nest største barneavdeling, regionsjukehus på Vestlandet og førande i behandling av barnesjukdommar. Vi skal dekke lokale, regionale og enkelte nasjonale behov for spesialisthelsetenester for barn og unge inntil fylte 18 år, og er lokalisert i Glasblokkene ved Haukeland universitetssjukehus.

Barnekirurgen er ein sengepost i Barne- og ungdomsklinikken som har pasientar frå dei fleste fagfelt innan kirurgi. Vi ivaretar gastrokirugiske, urologiske, ortopediske, ØNH, kjevekirurgiske, plastikk-kirurgiske, Auge- og sarkom-pasientar, så du må like variasjon og vere fagleg interessert. Vi har 15 senger på posten der vi ivaretar alt frå planlagde rutineoperasjonar, til akutte skadar.

Stillinga er pt 75% med arbeidstid kl 21:30-07:00 og kvar 3.helg.

For stillingane er det krav om dokumentert norsk autorisasjon. Vedkommande som får tilbod om tilsetting må legge fram tilfredsstillande politiattest (vandel), jfr Lov om helsepersonell §20a (gjeld arbeid med barn og utviklingshemma).

Arbeidsoppgåver

  • Hos oss skal du ta imot, overvake, observere og gje pleie til barn og ungdom i alderen 0-18år. I tillegg skal du legge til rette, gje støtte og omsorg til deira pårørende
  • Du vil inngå i eit tverrfagleg team som samarbeider om å gje pasientar og pårørande eit best mogleg opphald hos oss
  • Bidra til god søvnhygiene

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som sjukepleiar
  • Det er ønskeleg med erfaring som sjukepleiar frå klinisk arbeid innan våre fagområde. Erfaring med barn er ikkje nødvendig
  • Arbeidet krev at du kan planlegge sjølvstendig og er fagleg og personleg trygg som sjukepleiar
  • Du må bidra i arbeidet med å vidareutvikle avdelinga både fagleg, og som eit godt sted å jobbe

Personlege eigenskapar

  • Du liker å by på deg sjølv
  • Du har fokus på god kommunikasjon
  • Du deler av din kunnskap
  • Du kan gje og ta imot tilbakemeldingar
  • Du er til stades
  • Du kan arbeide sjølvstendig og strukturert
  • Du er fagleg engasjert, fleksibel og har gode evner til å samarbeid både med eigen og andre yrkesgrupper
  • Du må like å arbeide i høgt tempo og vere innstilt på endring

Vi tilbyr

  • Lønn i henhald til gjeldande overeinskomst
  • Ein spennande og utfordrande jobb
  • Systematisk opplæring og oppfølgning i din utvikling
  • Fagleg og personleg utvikling
  • Godt arbeidsmiljø prega av openheit, læring, engasjement, kompetanse, empati og nærleik

Mangfaldserklæring
Vi ønsker å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søke ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonsevne og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønsker å legge til rette for inkluderande rekruttering.

Kontaktinformasjon

Anette Tysnes Aarvik, Konst. seksjonsleiar, 41701524, anette.tysnes.aarvik@helse-bergen.no

Arbeidsstad

Haukelandsveien 22

5021 Bergen

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Bergen



Referansenr.: 4810782802

Stillingsprosent: 75%

Fast

Søknadsfrist: 21.05.2024


Sektor
Offentlig
Antall stillinger
2
Sted
Haukelandsveien 22, 5021 Bergen
Stillingsfunksjon
Sykepleier, Helsepersonell
FINN-kode
351998542
Sist endret
07. mai 2024 01:22