Inaktiv

Fagarbeidar/assistent - vikariat

Arbeidsgiver
Sunnylven barnehage, Stranda kommune
Stillingstittel
Fagarbeidar - vikariat
Frist
22.05.2024
Ansettelsesform
Vikariat

Beskrivelse

Sunnylven barnehage er ein kommunal barnehage som ligg på Hellesylt, like ved Bygdetunet og brannstasjonen.
Barnehagen er godkjend for 42 plassar og har to avdelingar.
Våre opningstider er kl. 07.00 - 16.15

  • I tida 05.08.24 - 31.12.24 har vi ledig vikariat som fagarbeidar i 100% stilling
  • I tida 05.08.24 - 06.07.25 har vi ledig 40% stilling som fagarbeidar/assistent

Det må gå fram av søknaden kva stilling den gjeld, evt om den gjeld begge stillingane.

Aktuelle søkjarar vil bli innkalla til intervju.

Tilsetting skjer etter gjeldande lover, reglement og tariffavtalar, herunder 6 mnd. prøvetid og 2% pensjonsinnskot. Vitnemål og attestar skal lastast opp som vedlegg til søknaden. Den som vert tilsett må framvise politiattest av nyare dato. Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort sjølv om søkjaren har oppmoda om å ikkje bli ført opp på søkjarliste. Søkjar vert varsla om dette vert gjort. Jf. offentleglova § 25.



Arbeidsoppgåver

  • Ha omsorg for det enkelte barn og barnegruppa
  • Planlegge, gjennomføre, dokumentere og evaluerer det pedagogiske arbeidet i samarbeid med pedagogisk leiar
  • Vere ein god rollemodell og bygge gode relasjonar med kollegaer, barn, føresette og andre instansar
  • Bidra til eit trygt og godt lærings- og arbeidsmiljø for barn og kollegaer
  • Legge til rette for godt samarbeid med heimane

Kvalifikasjonar

  • Relevant fagbrev/anna relevant utdanning
  • Gode norskkunnskapar, både skriftleg og munnleg
  • Ved mangel på søkjarar med relevant fagbrev/utdanning kan også andre søkjarar med praksis frå arbeid med barn bli vurderte for tilsetting

Personlege eigenskapar

  • Gode samarbeidsevne, sjølvstendig og fleksibel
  • Evne til å kommunisere, rettleie og motivere
  • Har helse som er forenleg med ein aktiv og stabil barnehagekvardag
  • Personlege eigenskapar vil bli vektlagt

Vi tilbyr

  • Godt arbeidsmiljø og trivelege kollegaer

I stillinga har du rett på ein av Norges sikraste pensjonsordningar: Offentleg tenestepensjon for nytilsette. Der dei fleste tenestepensjonar kun vert utbetalt i 10 år, er offentleg tenestepensjon ei utbetaling som varer fra den dagen du sluttar å arbeide og livet ut. Pensjonen inkluderar også uføre- og etterlattepensjon om noko uventa skulle skje. Med pensjonsrett i KLP får du medlemspris og gunstige betingelsar på ei rekke bank, forsikring og spareprodukter.

Kontaktinformasjon

Hilde Langlo Brekke, Einingsleiar, +47 46411844, hilde.brekke@stranda.kommune.no

Arbeidsstad

Ringdalsvegen 21

6218 Hellesylt

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Stranda kommune



Referansenr.: 4811421214

Stillingsprosent: 100, 40%

Vikar

Startdato: 05.08.2024

Søknadsfrist: 22.05.2024


Antall stillinger
2
Sted
Ringdalsvegen 21, 6218 Hellesylt
Stillingsfunksjon
Undervisning og pedagogikk, Barnehage / Barnehageassistent, Annet
FINN-kode
351996325
Sist endret
07. mai 2024 01:16