Inaktiv

Helsefagarbeidar- fast stilling ved Vestre Slidre helsetun 

Arbeidsgiver
Vestre Slidre kommune
Stillingstittel
Helsefagarbeidar- fast stilling ved Vestre Slidre helsetun
Frist
27.05.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Vestre Slidre kommune treng helsefagarbeidarar i Helsetunet. Helsetunet består av 20 institusjonsplassar, desse for menneske som har utfordringar som gjer at dei ikkje kan bu heime lenger. I tillegg til desse har vi 12 heildøgnsbemanna omsorgsbustader for menneske med kognitiv svikt og alderspsykiatri. Heimetenesta ligg også i Helsetunet og vi har eit tett samarbeid med dei.

Vi har ledig tre stillingar på 80 % kvar, fast stilling med tiltredelse snarast. Det er turnus med jobb kvar tredje helg vanlege vakter, eller hvis du ynskjer kan du få jobbe langvakter kvar sjette helg.

Vi ynskjer oss ferdig utdanna helsefagarbeidar i stillinga, men er du under utdanning er du også velkomen til å søkje.

Ta ev. kontakt ved spørsmål.



Arbeidsoppgåver

  • Stell, pleie og veiledning
  • Pasientoppfølging
  • Medikamentadministrasjon
  • Kartlegging og oppfølging
  • Journalføring
  • Kontakt med pårørande

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som hjelpepleiar/helsefagarbeidar
  • God vurderingskompetanse i forhold til eit klinisk blikk
  • Grunnleggjande datakunnskapar for å ta i bruk journalsystem og andre dataprogram som er i bruk
  • Gode norskkunnskapar - munnleg og skriftleg
  • Gyldig politiattest må leverast

Personlege eigenskapar

  • Kunne arbeide sjølvstendig og ha gode samarbeidsevner innad i avdelinga og på tvers av faggrupper
  • Vere fleksibel og løysingsorientert
  • Evne til å skape framdrift åleine, men og ilag med andre
  • Vera ein god lyttar og vera god på å kommunisere
  • Stor arbeidskapasitet
  • Personleg eignaheit vil bli vektlagt

Vi tilbyr

  • Eit godt og triveleg arbeidsmiljø
  • Gode forhold for samarbeid, utvikling og kompetanseutnytting
  • Gode forsikrings- og pensjonsordningar
  • Løn etter tariff og arbeidsvilkår elles etter gjeldande lover, reglement og tariffavtalar

Kontaktinformasjon

Bente Haugen, Tenesteleiar Helsetunet, 99690622, bente.haugen@vestre-slidre.kommune.no

Arbeidsstad

Slidrevegen 16

2966 Slidre

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Vestre Slidre kommune



Referansenr.: 4805514734

Stillingsprosent: 80%

Fast

Søknadsfrist: 27.05.2024


Antall stillinger
3
Sted
Slidrevegen 16, 2966 Slidre
Stillingsfunksjon
Helsepersonell, Helsepersonell / Helsefagarbeider/hjelpepleier, Sykepleier
FINN-kode
351993006
Sist endret
07. mai 2024 08:46