Inaktiv

Psykolog / Psykologspesialist

Arbeidsgiver
Akutt psykisk helse Hjelset, Helse Møre og Romsdal HF
Stillingstittel
Psykolog / Psykologspesialist
Frist
21.05.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Seksjon for Akutt psykisk helse er ein akuttpsykiatrisk seksjon med ansvar for ca. 120 000 innbyggarar i Nordmøre og Romsdal. Som psykologspesialist i vår seksjon blir du ein del av eit behandlingsteam med 3 overlegar (spesialistar i psykiatri) samt legar i spesialisering i psykiatri.

Seksjonen tar imot både frivillige og tvangsinnleggingar og stillinga inneber ansvar for begge typer pasientar, og vil gi ei brei erfaring med ei rekke akuttpsykiatriske problemstillinger.

Vi har legar i spesialisering(LIS1/LIS3) og 5.års medisinstudentar frå NTNU i seksjonen slik at utdanning og videreformidling av kunnskap er ein del av arbeidskvardagen. Vi har over tid fått gode tilbakemeldinger på eit godt arbeidsmiljø og ein hyggeleg stad å jobbe.

Seksjonen tilstreber at spesialistane samarbeider omkring pasientane og det er lav terskel for tverrfaglege drøftinger.

Hausten 2024 flytter seksjonen inn i nye, fantastiske lokaler i Sykehuset Nordmøre og Romsdal (SNR) på Hjelset. Vil du bli med på laget? Send oss ein søknad!

Vitnemål, attestar og tenestebevis må lastast opp som vedlegg til søknad/CV.



Arbeidsoppgåver

  • Diagnostisk utgreiing og behandling
  • Individuell og tverrfagleg behandling
  • Kartlegging og utgreiing av funksjonsevne og psykisk helse
  • Internt samarbeid og rettleiing
  • Eksternt samarbeid og undervisning/rettleiing
  • Pårørandesamtalar
  • Samarbeid med miljøpersonalet om miljøterapeutiske tiltak
  • Psykoedukasjon for pasientar og pårørande

Kvalifikasjonar

  • Psykologspesialist med vedtakskompetanse eller vere i prosess med å tileigne seg vedtakskompetanse
  • Må meistre norsk munnleg og skriftleg, og ha god språkleg framstillingsevne
  • Erfaring frå undervisning- og opplæringsverksemd
  • Kompetanse og erfaring frå ulike metodar innan rettleiing

Personlege eigenskapar

  • Du har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • Du jobbar sjølvstendig, men fungerer samstundes godt i tverrfagleg samarbeid
  • Du har vilje til å bidra til å styrke eigen og andre sin kompetanse
  • Du må ha evne til å bidra til eit godt arbeidsmiljø
  • Du er god til å planlegge og utføre arbeidsoppgåver, sjølvstendig og i nært samarbeid med dine kollegaer i seksjonen
  • Du har stor arbeidskapasitet og trivast i eit aktivt arbeidsmiljø
  • Du har sans for ein diskusjon og har ein god porsjon humor
  • Du må ha god fysisk og psykisk helse
  • Personlege eigenskapar vert vektlagt ved tilsetting

Vi tilbyr

  • Sterkt tverrfagleg samarbeid
  • Ein inkluderande arbeidsplass
  • Løn etter gjeldande overeinskomstar
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår


Kontaktinformasjon

Aina Herskedal, Seksjonsleiar, 92 48 94 44, aina.herskedal@helse-mr.no

Arbeidssted

Opdølvegen

6450 Hjelset

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: Helse Møre og Romsdal HF



Referansenr.: 4801658059

Stillingsprosent: 100%

Fast

Søknadsfrist: 21.05.2024


Sektor
Offentlig
Sted
Opdølvegen, 6450 Hjelset
Stillingsfunksjon
Helsepersonell / Psykolog, Helsepersonell
FINN-kode
351992693
Sist endret
07. mai 2024 01:14