VVS ingeniør

Arbeidsgiver
Tecno VVS AS
Stillingstittel
VVS-ingeniør
Frist
26.05.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Tecno VVS er i stadig vekst og ser høve for å utvide vår prosjekteringsavdeling. Prosjekteringsavdelinga heldt til på Voss og tel i dag tre personar. Som totalteknisk leverandør utfører me prosjektering for eigne prosjekt. Me tek også på oss prosjekteringsoppdrag for eksterne kundar og me utarbeider tilbodsgrunnlag med beskrivelsar for prosjekt i alle storleikar. Som VVS ingeniør i Tecno VVS vert du ein del av eit fagleg sterkt team der du er ei viktig brikke i heile prosjektgjennomføringa, frå anbod, til utføring og ferdigstilling. Du vil samarbeide tett med både kollegaer, kunde, byggherre, prosjektleiar og utførande.


Arbeidsoppgåver


  • Prosjektering av varme, ventilasjon og sanitæranlegg
  • Enøk-rådgjeving/ energiberekning
  • Dokumentasjon og kvalitetssikring
  • Kundekontakt

Kompetanse og personlege eigenskapar


  • Høgare utdanning innan VVS fag
  • God kjennskap til lovverk og forskrifter
  • Evnar å jobbe sjølvstendig, men samstundes ha gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
  • Vere løysingsorientert og kreativ, samt halde deg fagleg oppdatert
  • Det er eit føremon med kjennskap til Magicad for Revit og Simien

Me tilbyr


  • Eit svært bra arbeidsmiljø med mange fellesaktivitetar
  • Gode pensjons-, lønns- og forsikringsordningar
  • Nødvendig fagleg opplæring/oppfylging


Sektor
Privat
Stillingsfunksjon
Ingeniør, Konsulent, Rådgivning
FINN-kode
351991219
Sist endret
07. mai 2024 08:45