Inaktiv

Avdelingsleiar ved Vigra skule

Arbeidsgiver
Oppvekst, Giske kommune
Stillingstittel
Avdelingsleiar ved Vigra skule fast stilling
Frist
20.05.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Det er ledig fast 100 % stilling som avdelingsleiar 1.- 4. trinn ved Vigra skule frå 01.08.2024.


Bur det ein leiar i deg? Kunne du tenkje deg å bli ein del av skulen si leiargruppe og jobbe med pedagogisk leiing, personalleiing og administrative oppgåver? Leiargruppa har felles ansvar for skulen si pedagogiske utvikling og resultat.

Vigra skule er ein 1-7 skule med 194 elevar og med ca 73 barn i SFO. Visjonen «Vi flyg saman» er samskapt av foreldre, elevar og tilsette. Den symboliserer grågåsflokken som flyg høgt og langt, øver opp leiarskap og der ein både kan støtte og utfordre kvarandre. Skulen er fulldigitalisert med nettbrett 1:1.

Leiargruppa er rektor, to avdelingsleiarar og SFO-leiar. Avdelingsleiar 1.- 4. trinn arbeider tett ilag med SFO-leiar. Undervisningsdelen i stillinga er 50 %. Arbeidsåret er normalarbeidsår med høve til avspasering etter avtale med rektor.

I tillegg til formell kompetanse blir personlege eigenskapar og at ein er skikka for stillinga vektlagt.

Gyldig politiattest må leggast fram. Administrasjons-/undervisningsmålet er nynorsk.




Arbeidsoppgåver

  • Involvere og inkludere elevar, tilsette og foreldre i å utvikle skulen i tråd med sentrale og lokale styringssignal
  • Fagleg og administrativt ansvar i samsvar med tildelte fullmakter, dette inkluderer personalansvar og HMS-ansvar for trinnet.
  • Pedagogisk utviklingsarbeid, koordinering av vikarbehov, elev og foreldreundersøkingar, heim-skule arbeid, oppfølging av elevsaker

Kvalifikasjonar

  • Godkjent lærarutdanning frå universitet / høgskule
  • Relevant leiarutdanning er ønskjeleg – om ikkje du har leiarutdanning må du vere innstilt på å tileigne deg det innan få år – gjerne rektorskulen.
  • Erfaring frå undervisning - gjerne relevant leiarerfaring
  • God kunnskap og erfaring frå begynnaropplæring og tidleg innsats
  • Kunnskap om relevant lovverk i tillegg til kunnskap om pedagogisk utviklingsarbeid og administrativt arbeid
  • God digital kompetanse
  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne
  • Førarkort for bil

Personlege eigenskapar

  • Evne til å vere ein målretta, motiverande og tydeleg leiar som i lag med leiargruppa legg til rette for utvikling og læring
  • Lyttande og har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner – god relasjonskompetanse
  • Evne til å arbeide ryddig og strukturert
  • Evne til å jobbe heilskapleg og prioritere innsats og ressursar

Vi tilbyr

  • Elevar som er ein ressurs i læringsarbeidet
  • Føresette som engasjerer seg i skulen, støttar og utfordrer
  • Tilsette med kapasitet for elevsentrert utvikling og endring
  • Samarbeid med fagleg engasjerte og kompetente tilsette og leiarkollegaer
  • Løn etter avtale og kvalifikasjonar

    Giske kommune sine verdiar er:
  • Kvalitet - gjennom klar kommunikasjon, kompetanse og læring/utvikling
  • Løsingsvilje - gjennom heilskapleg tenking, handlekraft og kreativitet
  • Engasjement - gjennom meininsfylte oppgåver, trivsel og arbeidsglede
  • Respekt - gjennom å vere imøtekomande, påliteleg og involverande

Kontaktinformasjon

Karianne Oline Farstad, einingsleiar / rektor, +47 41702309

Arbeidsstad

Postvegen 455

6040 Vigra

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Giske kommune



Referansenr.: 4806057672

Stillingsprosent: 100%

Fast

Søknadsfrist: 20.05.2024


Sektor
Offentlig
Sted
Postvegen 455, 6040 Vigra
Stillingsfunksjon
Ledelse, Undervisning og pedagogikk
FINN-kode
351975813
Sist endret
07. mai 2024 01:01