Lærar i matematikk og naturfag

Arbeidsgiver
STE - Avd. Naturbruk og påbygg, Vestland fylkeskommune
Stillingstittel
Lærar i matematikk og naturfag
Frist
20.05.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Stend vidaregåande skule har om lag 540 elevar innan Naturbruk, Idrettsfag, Sal service og reiseliv, Allmennfagleg påbygging og Klassar med redusert elevtal. Skulen ligg vakkert til ved Fanafjorden i Bergen kommune og har om lag 180 tilsette. Stend vidaregåande skule arbeider aktivt med å utvikle organisasjonen og studietilbodet, slik at tilbodet til den einskilde elev skal bli best mogleg. Skulen har store ambisjonar, og har som mål å vere leiande innanfor dei programområda skulen tilbyr. Stend har fokus på læring gjennom praksis og tett samarbeid med næringslivet.

Arbeidsoppgåver

Vi har ledig 100% fast stilling som lærar innan naturfag og matematikk. Undervisninga er på yrkesfag med noko spesialundervisning i småklassar på Naturbruk og Sal, service og reiseliv.

Kvalifikasjonar

Til alle undervisningsstillingar er det krav om relevant fagleg og pedagogisk kompetanse
Det er ønskjeleg med undervisningserfaring.
Erfaring frå tilpassa opplæring, erfaring frå praktiske yrker og personlege eigenskapar vert tillagt vekt.

Personlege eigenskapar

God munnleg og skriftleg framstillingsevne
God digital kompetanse
Du likar å arbeide med ungdom.
Du har ei positiv innstilling og skaper gode relasjonar.
Du ser behova og moglegheitene til den enkelte elev.
Du er ein god lagspelar, er god til å samarbeide og deler av kunnskapen din.
Du arbeider strukturert og systematisk

Vi tilbyr

Løns- og arbeidsvilkår fastsett i lov og avtaleverk
Gode forsikrings- og pensjonsordningar
Stend er ein arbeidsplass med med godt sosialt miljø og stor fagleg breidde, der du vert inkludert i eit aktivt og positivt miljø.

Andre opplysningar:
Administrasjonsmålet i fylkeskommunen er nynorsk.
Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader.
Den som skal tilsetjast i vidaregåande skule må leggje fram politiattest
Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort

Kontaktinformasjon

Torbjørn Litlere, avdelingsleiar, 40488885

Arbeidsstad

Fanavegen 249

5244 Fana

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune



Referansenr.: 4809938036

Stillingsprosent: 100%

Fast

Søknadsfrist: 20.05.2024


Sted
Fanavegen 249, 5244 Fana
Stillingsfunksjon
Undervisning og pedagogikk
FINN-kode
351890299
Sist endret
06. mai 2024 05:41