Inaktiv

Sjukepleiar/spesialsjukepleiar

Arbeidsgiver
TSB poliklinikk Haugaland DPS, Helse Fonna HF
Stillingstittel
Sjukepleiar/spesialsjukepleiar
Frist
26.05.2024
Ansettelsesform
Vikariat

Beskrivelse

Er du ein som brenn for å gjere ein forskjell for personar med ulike psykiske lidingar og avhengigheit? Kanskje du då ønskjer å bli vår nye sjukepleiar i TSB-poliklinikk?

TSB-poliklinikk (Ruspoliklinikken) er ein tverrfagleg sammensatt poliklinikk med lege, psykologspesialist, sosionomar, sjukepleiarar og spesialsjukepleiarar. Vi er lokalisert ved Haugaland DPS Karmøy og Haugesund sjukehus.

Noverande stilling er eit vikariat og er tilknytta våre lokalar ved Haugesund sjukehus. Vi tilbyr utgreiing og behandling av personer med psykiske lidingar og rusmiddelavhengigheit frå 16 år og opp. Arbeidet innebere individuell kartleiing, utgreiing og behandling i våre lokalitetar, samt vidare henvisning til døgnopphald i forskjellige TSB-institusjonar.

Vikariatet er 100 % med for tida 37,5 timers arbeidsveke ut 31.12.24. Gode moglegheitar for forlengelse og fast stilling.

I TSB-poliklinikk får du ein fleksibel arbeidskvardag med fleksitid og moglegheit for faglig utvikling og vidareutdanning. I tillegg har vi fadderordning for å sørgje for adekvat opplæring ved tiltredelse av stillinga.



Arbeidsoppgåver

  • Utrede og søkje inn pasientar til relevant institusjonsbehandling
  • Behandlaransvar for pasientar med TSB rettigheter og som er i LAR behandling
  • Eksternt og internt samarbeid for ei heilskapeleg tilnærming til psykiske, somatiske og sosiale forhold
  • Deltaking i ansvarsgrupper rundt pasientane
  • Undervisning, rettleiing og konsultasjon ved behov ovanfor kollegaer, interne/eksterne samarbeidspartnarar
  • Kontinuerleg fagleg oppdatering, inklusive nasjonale faglege retningsliner, rettleiarar m.m.
  • Dokumentasjon av behandlingsintervensjonar og samarbeid gjennom journalføring og rapportering

Kvalifikasjonar

  • Bachelor i sjukepleie med norsk autorisasjon
  • Vidareutdanning innan rus og/eller psykisk helsearbeid, eller annan relevant vidareutdanning er ønskeleg, men ikkje eit krav
  • Personleg eignethet vil bli tillagt stor vekt
  • Erfaring frå arbeid med rus / psykisk helse er ønskeleg
  • Gode norsk ferdigheiter, skriftleg og munnleg
  • Førarkort for bil

Personlege eigenskapar

Hos oss er det viktig at du:

  • viser god evne til samarbeid, både internt i helseforetak og eksternt mot kommunar
  • har evne til å stå roleg i krevande situasjonar
  • kan arbeide både sjølvstendig og i team
  • har ryddig og god dokumentasjon
  • er fleksibel og løysningsorientert
  • tar eit kollektivt ansvar i poliklinikken for å løyse våre felles utfordringar

Vi tilbyr

  • Ein fleksibel arbeidskvardag med fleksitid
  • Løn etter gjeldande avtalar
  • Hjelp med bustad, oppgi i søknaden dersom det er ønskeleg
  • Ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidsliv-bedrift (IA-bedrift)
  • Konkurransedyktig pensjonsordning. Yrkesskadeforsikring, gruppelivsforsikring og tenestereiseforsikring
  • For å kunne vurdere fortrinnsrett til stilling, må søkjar gi til kjenne dette i søknaden

Mangfaldserklæring
Helse Fonna ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonsevne og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Helse Fonna ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.

Kontaktinformasjon

Daniel Heradstveit, Funksjonsleder TSB-poliklinikk, 91586623, daniel.heradstveit@helse-fonna.no

Arbeidsstad

Karmsundgata 120

5528 Haugesund

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Fonna HF



Referansenr.: 4810719330

Stillingsprosent: 100%

Vikariat

Startdato: 19.05.2024

Sluttdato: 31.12.2024

Søknadsfrist: 26.05.2024


Sektor
Offentlig
Sted
Karmsundgata 120, 5528 Haugesund
Stillingsfunksjon
Sykepleier, Helsepersonell / Vernepleier/miljøterapeut, Helsepersonell
FINN-kode
351880953
Sist endret
06. mai 2024 04:45