Inaktiv

Sjukepleiar og sjukepleiarstudent

Arbeidsgiver
Onkologisk post Ålesund, Helse Møre og Romsdal HF
Stillingstittel
Sjukepleiar og sjukepleiarstudent
Frist
29.05.2024

Beskrivelse

Velkomen som søkar til Sengepost for kreft og blodsjukdommar i Kreftavdelinga, Ålesund sjukehus.

Sengepost for kreft og blodsjukdomar er arbeidsplassen for deg som ønsker å utvikle deg som fagperson og menneske. Vi arbeidar i eit svært spennande og givande fagområde kor det er stor moglegheit for å fordjupe seg i heilhetleg sjukepleie og ulike medisinske tilstandar.
Dette er ein sengepost med 20 sengeplassar som inneheld fagområde onkologi, palliasjon og hematologi. I avdelinga finn ein mange dyktige medarbeidarar, og vi har eit trygt og godt arbeidsmiljø. Vi tilbyr god opplæring med ein erfaren sjukepleiar.

Sjukepleiarstudent: Vi har ledige 13% stilling med arbeid kvar tredje helg.
Sjukepleiar/spesialsjukepleiar: Vi har ledig 50% fast stilling på natt og 100% fast stilling på dag/kveld med tilsetting etter avtale. Stillinga inneber arbeid kvar tredje helg. Intern omrokkering kan gi andre ledige stillingar.

Vi oppmodar studentar som mottar autorisasjon som sjukepleiar sommaren 2024 også om å søke. Tilsetting etter avtale.

Vi ber om at attestar og vitnemål vert lasta opp som vedlegg til søknaden din.



Arbeidsoppgåver

Som sjukepleiar i sengeposten har du ansvar for å yte avansert sjukepleie til kreftpasientar i alle fasar av sin sjukdom. Eksempel på dette er pasientar som får medikamentell kreftbehandling, strålebehandling og palliativ behandling. Ein jobbar heilheitleg og tverrfagleg i forhold til behandling, symptomlindring, informasjon, koordinering av tenestar, omsorg og støtte

Kvalifikasjonar

  • Offentleg godkjendt autorisasjon som sjukepleiar
  • Vidareutdanning innan onkologi, palliasjon eller annan relevant vidareutdanning kan vere ein fordel
  • Siste års sjukepleiestudentar kan også bli vurdert
  • God norsk, munnleg og skriftleg
  • God IKT-kompetanse
  • Interesse for arbeid knytta til pasientsikkerheit og forbetringsarbeid

Personlege eigenskapar

  • Du er pasientorientert og framtidsrettet
  • Du viser fagleg engasjement i ditt arbeid
  • Du er fleksibel, initiativrik og endringsvillig
  • Du arbeider strukturert, er ryddig og nøyaktig
  • Du medverkar til eit godt arbeidsmiljø og har god evne til samarbeid

Å vere personleg eigna vert vektlagt ved tilsetting.

Vi tilbyr

  • Sterkt tverrfagleg samarbeid
  • Ein inkluderande arbeidsplass
  • Løn etter gjeldande overeinskomstar
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår

Ålesund er kåra til den vakraste byen i Norge. Ålesund sin vakre Jugendstilarkitektur er viden kjent. Eit mangfald av tårn, spir og vakre
utsmykkingar er som teken ut av eit eventyr. Byen og omlandet har eit særs rikt
kultur- og konsertliv med nasjonale og internasjonale artistar. Du kan og
oppleve eit mangfold av fjordar, øyer og fjell som ventar på å få begeistre
deg. Les meir om Ålesund og omland her.

Kontaktinformasjon

Liv Bodil Angvik Ipsen, Seksjonsleiar, +47 70106985, Liv.Bodil.Angvik.Ipsen@helse-mr.no

Arbeidsstad

Åsehaugen 5

6017 Ålesund

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF



Referansenr.: 4809267991

Stillingsprosent: 100, 50%

Fast, Vikariat

Startdato: 24.06.2024

Søknadsfrist: 29.05.2024


Sektor
Offentlig
Antall stillinger
2
Sted
Åsehaugen 5, 6017 Ålesund
Stillingsfunksjon
Sykepleier, Helsepersonell
FINN-kode
351879905
Sist endret
21. mai 2024 12:59