Delstilling musikk

Arbeidsgiver
NOR - NORDAHL GRIEG VGS, Vestland fylkeskommune
Stillingstittel
Undervisningsstillingar
Frist
21.05.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Nordahl Grieg videregående skole er ein skole i Ytrebygda bydel i Bergen. Skolen stod ferdig i august 2010 og gir plass til 970 elevar og om lag 160 tilsette.

Det er eit mål å skape eit vekstmiljø for kunnskap, kreativitet og innovasjon. Den arkitektoniske utforminga av skolen samspelar med ei leiar- og lærarrolle som byggjer på eit sosiokulturelt læringssyn. Areala er transparente, fleksible og krev god samhandling.

Visjonen til skolen er ”Dristige hjerner i samspill”. Nordahl Grieg videregående skole tek mål av seg til å vera ein føregangsskole i bruk av digital læringsteknologi, noko som endrar undervisning og læring på grunnleggjande måtar. Skolen har høgt fokus på bærekraft.

Skolen har desse utdanningsprogramma: Studiespesialiserande, Medium og kommunikasjon og Helse- og oppvekstfag. Skolen har og avdeling for Tilrettelagt opplæring og avdeling Sykehusskolen. Avdeling Sykehusskolen er lokalisert i Glasblokkene på Haukeland sykehus. Skolen er knutepunktskole for døve og hørselshemma.

Skolen ønskjer å bevare eit levande teiknspråkleg miljø, og oppmodar personar med nedsett hørsel til å søkje stillingar hos oss.

Skolen har ledig delstilling som timelærar i musikk, hovudsakleg piano.



Arbeidsoppgåver

Undervisning.

Kvalifikasjonar

Godkjent lærarutdanning

Undervisningskompetanse i dei aktuelle faga

Personlege eigenskapar

Søkjar må ha gode samarbeidsevner, ha fokus på relasjonsbyggjing og ha eit ønskje om å delta i fremtidsretta læringsmiljø i digitale omgjevnader.

Personlege eigenskapar og gode kommunikasjonsevner vil bli lagt særlig vekt på ved tilsetjing. Elevane er framtida vår. Den vi tilset må ha godt lag med ungdom, vera vennleg, tydeleg og strukturert. Vi ønskjer oss ein kollega med godt humør, positiv innstilling og ønskje om å skape eit godt fagmiljø saman med andre på skolen.

Den som blir tilsett må ha gode kunnskapar og interesse for bruk av IKT i opplæringa.

Vi tilbyr

Nordahl Grieg er ein spanande arbeidsstad med rom for kreativitet og eit gründermiljø der du vil vere ein viktig medarbeidar.
For stillingane gjeld løns- og arbeidsvilkår fastsett i lov- og avtaleverk.
For meir informasjon, sjå skolens heimeside https://www.nordahlgrieg.vgs.no/

Om søknaden:
Bruk elektronisk søknadsskjema
Det er ønskjeleg å vite noko om motivasjonen din for søknaden
Ta med annan realkompetanse og ev interessefelta dine
Gje opp to, helst tre referansar: Ein overordna (kan vere rektor)
Det må framkomme i søknaden kva fag du kan undervise i.

Andre opplysningar
Administrasjonsmålet i fylkeskommunen er nynorsk.
Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader.
Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort

Kontaktinformasjon

Anita Jensen Ystebø, rektor , 92446903

Arbeidsstad

Steinsvikvegen 430

5239 Rådal

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune



Referansenr.: 4810988437

Stillingsprosent: 20%

Fast

Startdato: 01.08.2024

Søknadsfrist: 21.05.2024


Sted
Steinsvikvegen 430, 5239 Rådal
Stillingsfunksjon
Undervisning og pedagogikk
FINN-kode
351869201
Sist endret
06. mai 2024 03:59