Inaktiv

Assisterande seksjonsleiar

Arbeidsgiver
Medisinsk sengepost Volda, Helse Møre og Romsdal HF
Stillingstittel
Assisterande seksjonsleiar
Frist
26.05.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Medisinsk sengepost har 30 sengeplassar og tek imot pasientar med eit stort spekter av diagnosar. Dette er ein arbeidsplass med god breidde i kompetanse.

Vi søkjer etter ny asssisterande seksjonsleiar.

Assisterande seksjonsleiar er tilleggsfunksjon knytt til fast 100% stilling som sjukepleiar med eit økonomisk funksjonstillegg.

Du finn Volda midt i det beste Noreg kan tilby av fjord og fjell. Opplev dei ville og vakre Sunnmørsalpane med alt frå enkle ruter og oppmerka stiar i flate fjelldalar til utfordrande klatreturar og fantastiske toppturar. Vi tilbyr også eit særs blomstrande kultur og idrettsliv og eit attraktivt studiemiljø ved Høgskulen i Volda. Det er gode kommunikasjonar med flysamband til Oslo og Bergen frå Ørsta/Volda lufthamn. Sjå meir om Volda her: https://youtube.com/watch?v=FHDuVf1TpYY og her: https://youtube.com/watch?v=NGSg6xygovY

Vitnemål, attestar og tenestebevis må lastast opp som vedlegg til søknad/CV.



Arbeidsoppgåver

  • Assisterande seksjonsleiar skal avlaste og vere stadfortredar for seksjonsleiar
  • Arbeid på dagtid og kvar tredje helg
  • Delegerte oppgåver er:
    • stedfortredar for seksjonsleiar
    • turnusarbeid
    • kvalitetsarbeid/kvalitetsråd
    • kompetanseplanar
    • oppfølgjing av studentar

Kvalifikasjonar

  • Autorisasjon som sjukepleiar
  • Søkjarar med annan relevant høgskuleutdanning kan bli vurdert
  • Leiarkompetanse og/eller leiarerfaring er ønskjeleg
  • Personlege eigenskapar vert vektlagde

Personlege eigenskapar

  • Du er engasjert og motivert for leiaroppgåver
  • Du har gode samarbeidsevner internt og eksternt i eit tverrfagleg miljø
  • Du har evne til heilskapleg tenking

Vi tilbyr

  • Sterkt tverrfagleg samarbeid
  • Ein inkluderande arbeidsplass
  • Løn etter gjeldande overeinskomstar
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår

Kontaktinformasjon

Camilla Aam Nupen, Seksjonsleiar, 47617905, camilla.aam.nupen@helse-mr.no

Arbeidssted

Kløvertunvegen 1

6100 Volda

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: Helse Møre og Romsdal HF



Referansenr.: 4809235362

Stillingsprosent: 100%

Fast

Søknadsfrist: 26.05.2024


Sektor
Offentlig
Sted
Kløvertunvegen 1, 6100 Volda
Stillingsfunksjon
Sykepleier, Ledelse, Helsepersonell
FINN-kode
351868016
Sist endret
06. mai 2024 03:59