Overlege - faste stillingar ved  Augeavdelinga

Arbeidsgiver
Øyeavdelingen, Helse Bergen
Stillingstittel
Fire faste overlegestillingar ved Augeavdelinga
Frist
19.05.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Augeavdelinga er ei spesialavdeling ved Haukeland universitetssjukehus. Avdelinga er knytt til Universitetet i Bergen, og forsking og utviklingarbeid står sentralt i vår verksemd. Avdelinga har stor breidde i si verksemd, og vi greier ut og behandlar alle kategoriar augelidingar. Avdelinga har sengepost i Klinikk for Hovud/ Hals, dagkirurgisk og poliklinisk eining og operasjonsavdeling. Sengeposten har 6 døgnplassar. Her er både elektive innleggingar og ØH innleggingar.

Det er ledig faste overlegestillingar ved avdelinga. Stillingane er knytta til fire av våre spesialseksjonar, og det er ein føresetnad om god kompetanse innan dei aktuelle fagfelta for å kunne søke stillingane.

Oppgi i søknaden kva for ein stilling du søkjer på.



Arbeidsoppgåver

  • Stillingane er knyttet til handtering av glaukom-, kornea-, retina- og okuloplastikkpasienter; poliklinisk og kirurgisk handtering
  • Den som blir tilsett kan gå inn bakvaktsjiktet som for tida er 14-delt
  • Det vil vere ein kombinasjon av arbeid med inneliggande og polikliniske pasientar
  • Vedkommande må ta del i undervisning av legestudentar og anna helsepersonell

Kvalifikasjonar

Forutsetning for å bli vurdert med omsyn til stillingane, er kompetanse innan poliklinisk og kirurgisk handtering av pasientar tilhøyrande desse seksjonane:

Glaukom: Må sjøvstendig kunne utrede pasienter med glaukom, og også kunne operere disse med shunt-teknikk
Kornea: Kunnskap innen korneasjukdommer, sjølvstendig kunne transplantere hornhinner
Kirurgisk retina: Gode kunnskaper innen retinasjukdomer, kunne operere katarakt og gjennomføre vitrektomi. Gode kunnskaper om maligne melanomer i auge, og kunne gjennomføre brachyterapi av disse.
Okuloplastikk/orbita: gode kunnskaper innen fagfeltet. Sjølvstendig operere okuloplastiske tilstander. Ha særskilt interesse for orbitalidingar inkludert medisinsk og kirurgisk handtering.

Andre oppgåver kan og bli aktuelle utover det som er omtalt over.

  • Norsk autorisasjon
  • Godkjent spesialist innen augesjukdommer

Personlege eigenskapar

  • Vi vil legge vekt på personlege eigenskapar som det å vere ansvarsbevisst, samarbeidsvillig og fleksibel
  • Gode kommunikasjonsevner, og evner til å arbeide systematisk og effektivt med omsyn til føretakets verdier og prioriteringar
  • Vere ein god teamarbeidar
  • Bidra aktivt til det gode arbeidsmiljøet
  • Erfaring og interesse for forsking

Vi tilbyr

  • Teneste i ei høgspesialisert augeavdeling med gode moglegheiter til brei kompetansebygging
  • Særs godt arbeidsmiljø i ein hektisk kvardag
  • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • Gode kollegaer!


Mangfaldserklæring
Føretaksgruppa i Helse Vest ønsker å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søke ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønsker å legge til rette for inkluderande rekruttering.

Kontaktinformasjon

Frank Tore Jenssen, Avdelingsoverlege, +47 55974124

Arbeidsstad

Jonas Lies vei 72C

5053 Bergen

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Bergen



Referansenr.: 4808072542

Stillingsprosent: 100%

Fast

Søknadsfrist: 19.05.2024


Sektor
Offentlig
Antall stillinger
4
Sted
Jonas Lies vei 72C, 5053 Bergen
Stillingsfunksjon
Helsepersonell, Lege, Lege / Overlege
FINN-kode
351811580
Sist endret
06. mai 2024 08:09