Verksemdsarkitekt

Arbeidsgiver
Avdelinga for digitalisering og rapportering
Stillingstittel
Verksemdsarkitekt (Underdirektør) - ref.nr. 2024/24
Frist
19.05.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Finanstilsynet står overfor spennande utfordringar knytte til ytterlegare digitalisering av eiga
verksemd. Dette omfattar mellom anna utvikling og drift av løysingar for
informasjonsutveksling med verksemder under tilsyn i Noreg og med europeiske
tilsynsmyndigheiter. God tilgang til data og føremålstenlege analyseløysingar
er eit vilkår for ei effektiv og datadriven verksemd.

Finanstilsynet søker no etter ein verksemdsarkitekt (underdirektør) til å leie arbeidet med å
sikre at det er god samanheng mellom arbeidsprosessar og IKT-løysingar, og dessutan ein effektiv og heilskapleg IKT-arkitektur.

Verksemdsarkitekten
skal utarbeide målbilete og handlingsplanar som er baserte på verksemdsstrategien
til Finanstilsynet og det overordna målet for verksemda. Verksemdsarkitekten
skal gi Finanstilsynet eit styringsverktøy som hjelper avgjerdstakarar med å prioritere
blant digitaliseringsprosjekta. Verksemdsarkitekten må rå over kunnskap om
korleis endringar påverkar systema, prosessane og organisasjonen samla sett, og
gi oversikt over kva for tiltak og investeringar som vil ha størst effekt.

Stillinga vil inngå i staben til avdelinga for digitalisering og rapportering,
og ho vil inngå i leiargruppa til avdelinga og rapportere til
avdelingsdirektøren. Avdelinga har ansvaret for å utvikle og forvalte til IKT-løysingane
til Finanstilsynet. Vidare har avdelinga ansvaret for IKT-tryggleik,
informasjonsforvalting og digital saksbehandling. Avdelinga er òg kompetansesenter
for digitale verktøy som robotisering (RPA) og kunstig intelligens (KI).

Finanstilsynet er i prosess med å bygge ei ny dataplattform og flytte IKT-porteføljen
ut i skya. Det er ønskeleg at verksemdsarkitekten vil ha det overordna
arkitekturansvaret og fastsette målarkitekturen. Det tekniske IKT-miljøet i
Finanstilsynet består av både interne tilsette og konsulentar.



Arbeidsoppgaver

Som verksemdsarkitekt vil du ha ei sentral rolle i å forme den teknologiske visjonen og strategien vår. Hovudansvarsområda dine vil inkludere, men er ikkje avgrensa til, å

  • sikre at dei tekniske løysingane og plattforma støttar dei overordna måla til verksemda
  • utforme målarkitekturen til verksemda og utarbeide planar for måloppnåing
  • identifisere og evaluere nye IKT-løysingar som støttar behova til verksemda
  • leie prosessen med å erstatte kjernesystem og «legacy» til skybaserte plattformer
  • definere og implementere arkitekturprinsipp og -standardar, og ha eit særskild ansvar for oppfølging og etterleving
  • utarbeide og følge opp strategidokument som fell inn under IKT- og dataområdet, til dømes skystrategi, datastrategi m.m.
  • sikre integriteten og sikkerheita til dataa og informasjonssystema til verksemda
  • sikre at IKT-systema lever opp til gjeldande regelverk, inkludert GDPR m.m.
  • delta i å utarbeide sårbarheitsanalysar i samband med innføring av nye og endring av eksisterande IKT-system og -tenester

Kvalifikasjoner

  • relevant høgare utdanning innan IKT
  • lang relevant erfaring som verksemdsarkitekt eller i tilsvarande rolle
  • djuptgåande kunnskap om arkitekturprinsipp, -metodar og -verktøy
  • TOGAF-sertifisert og utdanning innan prosjektleiing
  • erfaring med overgang til skybaserte løysingar
  • god munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk og engelsk

Personlige egenskaper

  • høg gjennomføringsevne og gode analytiske og problemløysande ferdigheiter
  • gode samarbeidsevner og ønske om å utvikle og motivere medarbeidarar/kollegaer
  • evne til å sjå moglegheiter og utvikle arbeidsmetodar og -prosessar
  • stor arbeidskapasitet, sjølvstende og nøyaktigheit

Vi vil legge vekt på at du er personleg eigna og motivert for stillinga.

Vi tilbyr

  • spennande og varierte arbeidsoppgåver i eit godt arbeidsmiljø med høg fagkompetanse
  • gode moglegheiter for eiga fagleg utvikling
  • gode velferdsordningar og ein fleksibel personalpolitikk
  • medlemskap og moglegheit for lån i Statens pensjonskasse
  • fleksibel arbeidstid og betalt overtid
  • gode treningsfasilitetar og moglegheit for å trene i arbeidstida
  • tiltreding og lønn etter avtale

Anna

  • Etter at søknadsfristen er gått ut, utarbeider vi ei offentleg søkarliste, jf. offentleglova § 25.
  • For å bli vurdert for stillinga må du legge ved vitnemål og relevante attestar.
  • Du kan skrive søknaden på nynorsk eller bokmål.
  • Vi utfører bakgrunnssjekk av vedkommande som blir tilsett i stillinga.
  • Alle tilsette i Finanstilsynet må følge dei etiske retningslinjene våre, sjå: https://www.finanstilsynet.no/jobb-hos-oss/#Etiskeretningslinjer
  • Finanstilsynet er opptatt av mangfald, og vi oppmodar derfor alle kvalifiserte kandidatar til å søke jobb hos oss, uansett alder, kjønn, funksjonsevne, etnisk bakgrunn eller hol i CV-en. Dersom det er mogleg, vil vi legge til rette for medarbeidarar som har behov for det. For positiv særbehandling sjå: http://arbeidsgiver.difi.no/positivsærbehandling
  • Les meir om Finanstilsynet på nettstaden vår - www.finanstilsynet.no

Kontaktinformasjon

Kristin Tornling, Avdelingsdirektør, +47 22 93 99 71

Arbeidssted

Revierstredet 3

0151 OSLO

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: Finanstilsynet



Referansenr.: 4809282397

Stillingsprosent: 100%

Fast

Søknadsfrist: 19.05.2024


Sektor
Offentlig
Sted
Revierstredet 3, 0151 Oslo
Stillingsfunksjon
Ledelse, IT utvikling / Utvikler (generell), Forretningsutvikling og strategi
FINN-kode
351427890
Sist endret
06. mai 2024 11:16