Inaktiv

Rektor

Arbeidsgiver
Herøy kommune, kultur og oppvekst
Stillingstittel
Rektor
Frist
16.05.2024
Ansettelsesform
Vikariat

Beskrivelse

Vi har ledig stilling som rektor ved Stokksund skule frå 1. august 2024. Stillinga er eit vikariat med høve til fast tilsetting.

Skulen er ein 1–10-skule skule med SFO og har for tida 97 elevar. Den ligg fint til i Tjørvåg krins ved fylkesveg 654 med nær tilkomst til naturområde både på fjell og i fjøre.

Skulebygget har gymnastikksal, og er tilknytta stadionanlegget til Tjørvåg Idrettslag.

Rektor deltek i målretta utviklingsarbeid saman med dei andre leiarane i Herøyskulen. Det er rektor som syter for å involvere personalet sitt i arbeidet med å fremje elevane si læring og utvikling.

Skulen sin administrasjon består av rektor, assisterande rektor og kontormedarbeidar.



Arbeidsoppgåver

  • leie skulen slik at det fremjar gode arbeids- og læringsmiljø for elevar og tilsette
  • økonomistyring
  • HMS/internkontroll
  • dagleg drift, rektor har også ansvar for den daglege drifta av SFO
  • utviklingsarbeid
  • personalleiing

Kvalifikasjonar

  • høgare utdanning innan pedagogikk og gjerne også leiing
  • leiarerfaring (ein fordel)
  • erfaring med utviklingsarbeid (og kan vise til gode resultat)
  • tydeleg munnleg og skriftleg kommunikasjon på norsk, internt og eksternt
  • god digital kompetanse
  • god økonomiforståing
  • fleire års erfaring frå grunnskulen

Personlege eigenskapar

  • er god på relasjonsbygging
  • har eit positivt og reflektert elevsyn
  • ser verdien av tverrfagleg samhandling rundt eleven
  • er ein samlande og tydeleg leiar
  • er oppteken av å utvikle gode lærings- og arbeidsmiljø for elevar og tilsette
  • er fleksibel og kan gå inn i ulike oppgåver etter behov, som til dømes vikar
  • er systematisk og effektiv

Vi legg stor vekt på personlege eigenskapar og referansar, i tillegg til den formelle kompetansen.

Godkjent politiattest må leggast fram før tilsetting.

Vi tilbyr

  • ei spennande og utfordrande stilling, med høve til læring og utvikling i leiarfellesskapet
  • eit utviklingsorientert og støttande leiarteam
  • IA-bedrift og ein arbeidsgivar med fokus på kvalitet og trivsel
  • gode pensjons- og forsikringsordningar

Vi tilset på dei vilkåra som går fram av gjeldande tariffavtale, lover og reglement. Søkarlista kan verte offentlegjort. Aktuelle kandidatar vert kalla inn til intervju.

Kontaktinformasjon

Lene Nupen, Kommunalsjef kultur og oppvekst, 91516908, lene.nupen@heroy.kommune.no

Hilde Hestås, Avdelingsleiar grunnskule/PPT, 97542422, hilde.hestas@heroy.kommune.no

Hilde Hestås, Avdelingsleiar grunnskule/PPT, 97542422

Arbeidsstad

Grøndalsvegen 26

6070 Tjørvåg

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Herøy kommune



Referansenr.: 4806992214

Stillingsprosent: 100%

Vikar

Søknadsfrist: 16.05.2024


Sektor
Offentlig
Sted
Grøndalsvegen 26, 6070 Tjørvåg
Stillingsfunksjon
Ledelse
FINN-kode
351421439
Sist endret
08. mai 2024 12:50