Sjukepleiar
- Arbeidsgiver
- Medisinsk seksjon Lærdal sjukehus, Helse Førde
- Stillingstittel
- Sjukepleiar på Medisinsk seksjon, Lærdal Sjukehus
- Frist
- 22.05.2024
- Ansettelsesform
- Fast
Beskrivelse
Ønskjer du å bu på ein liten plass med store moglegheiter? Ønskjer du å jobbe på eit lite lokalsjukehus og få stort fagleg utbytte? Er du i tillegg sjukepleiar?
Vi kan hjelpe deg med å få draumen oppfylt!
Lærdal sjukehus har ledig stilling for sjukepleiar:
- 2 x 100% fast kombistilling: Medisinsk poliklinikk og Medisinsk sengepost
- 1 x 100% fast kombistilling: Dialyse og Medisinsk sengepost.
Lærdal er ein fin, litan stad med store naturopplevingar i hagen din, med gode turmoglegheiter for alle. Plasseringa gjer Lærdal til eit knutepunkt mellom Oslo og Bergen. Sjukehuset har ei eiga personalhytte på Filefjell. I tillegg har Lærdal vestlandets trivlegaste arbeidsplass, nemleg lokalsjukehuset.
Meir informasjon om Lærdal kan du lese her.
Her har vi eit godt fagmiljø, samstundes er vi ikkje større enn at vi vert godt kjende på tvers av avdelingane. Dette bidreg til eit godt samarbeid samt gode moglegheiter for å skaffe seg nye bekjente. Vi har fleire sosiale samankomstar gjennom året og ønskjer deg velkommen til å vere med!
Sengeposten har 14 senger inkludert 2 overvakingssenger. Posten driftar for tida 2 interkommunale senger. 95% av innleggingane er akutt hjelp. Dei største pasientgruppene er hjarte- og infeksjonspasientar.
Medisinsk poliklinikk tilbyr utgreiing, behandling og oppfølging av pasientar med indremedisinske problemstillingar som til dømes hjerte og mage/tarm. Vi har også infusjonspoliklinikk, og hovudtyngda er kreftbehandling og behandling av pasientar med mage/tarm sjukdommar.
Vil du vite meir om stillinga, ta kontakt med einingsleiar - sjå kontaktinformasjon.
Stillingane skal ikkje delast.
Arbeidsoppgåver
- Mottak og oppfølging av pasientar på sengepost og poliklinikk
- Stillinga vert delt mellom sengepost og poliklinikk, og inngår i avdelingane sin årsarbeidsplan med arbeid i snitt kvar tredje helg.
- Sjukepleie til medisinske pasientar
- Ta del i oppgåver som ligg til avdelinga
- Samarbeid i team med andre yrkesgrupper
- Opplæring og rettleiing av studentar
- Arbeidsoppgåver delegert frå leiar
Arbeide etter Helse Førde sine verdiar: Respekt i møte med pasienten, kvalitet i prosess og resultat, og tryggleik for tilgjenge og omsorg.
Kvalifikasjonar
- Må ha godkjend norsk autorisasjon som sjukepleiar
- Gode språkkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Ikkje-nordiske statsborgarar må minimum ha bestått Bergenstesten eller anna norsktest på B2-nivå. Dokumentasjon må leggjast ved søknad.
- Gode IKT-kunnskapar
- Må kunne bruke datasystema som ligg til rolla slik at faglege og juridiske krav vert ivaretekne
Personlege eigenskapar
- Du har eit godt fagleg og verdimessig pasientperspektiv
- Du arbeider godt både sjølvstendig og i team
- Du ønskjer å bidra positivt til eit godt fagleg og kollegialt miljø
- Du trivast i eit aktivt og travelt miljø
- Du er fagleg engasjert
- Du jobbar strukturert og målretta
Personlege eigenskapar vil bli vektlagt
Vi tilbyr
- God innføring og opplæring i arbeidsoppgåver
- Fagleg utvikling og moglegheit for vidareutdanning
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Triveleg arbeidsmiljø
- Personalhytte på Filefjell
- Hjelp med bustad (opplys i søknaden dersom det er ønskjeleg)
Mangfoldserklæring
Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonsevne og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.
Kontaktinformasjon
Marit Fossheim Ottersen, Einingsleiar, 479 06 594Arbeidsstad
Sjukehusvegen 96887 Lærdal
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse FørdeReferansenr.: 4809617291
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 22.05.2024
- Sektor
- Offentlig
- Antall stillinger
- 3
- Sted
- Sjukehusvegen 9, 6887 Lærdal
- Stillingsfunksjon
- Sykepleier
- FINN-kode
- 351418240
- Sist endret
- 06. mai 2024 08:40