Førde heimeteneste, eining 1, søker etter ny medarbeidar

Arbeidsgiver
Sunnfjord kommune Førde heimeteneste, eining 1
Stillingstittel
Sjukepleiar/vernepleiar
Frist
19.05.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Førde heimeteneste, eining 1, held til ved Førde omsorgssenter. Vi yt tenester innan heimesjukepleie, heimehjelp, matombringing og velferdsteknologi til bebuarar i 78 omsorgsbustadar knytt til Førde omsorgssenter og området rundt. Eininga har i dag rett i overkant av 39 årsverk. Vi erfarer stor grad av kollegastøtte, der det samla er mykje kompetanse, både gjennom formell vidareutdanning, men også opparbeida gjennom praksis. Vi ønsker å vere ei levande teneste med framtidsretta fokus der vi saman skal yte gode tenester til innbyggjarane våre!

Vi har ledig:
  • 2 x 100 % fast sjukepleiar/-vernepleiarstilling

Stillingane er i todelt turnus med arbeid 3. kvar helg.

Arbeidsoppgåvene er mellom anna:
  • tilrettelegge, utvikle og koordinere sjukepleiefaglege tiltak for brukarane
  • primærkontaktarbeid
  • utføre praktiske sjukepleiaroppgåver og observere tilstand og behov hos brukar
  • samarbeid med brukar, pårørande, fastlegar og spesialisthelsetenesta
  • samarbeid med både kommunale og eksterne aktørar innan mellom anna sektorane omsorg, helse- og sosial
  • kunnskapsdeling gjennom rettleiing og opplæring av studentar og nytilsette
  • ansvar for dokumentasjon i fagprogrammet CosDoc
  • delar av arbeidet er også av meir administrativ art, mellom anna behandling av e-meldingar og medikamentoppfølging
Krav til søkar:
  • norsk autorisasjon som sjukepleiar eller vernepleiar, gjerne med relevant vidareutdanning innan geriatri, palliasjon, psykisk helsearbeid og liknande
  • beherske godt norsk både munnleg og skriftleg
  • grunnleggande datakunnskap, då mobiltelefon og PC er viktig arbeidsvektøy i arbeidskvardagen vår
Vi søker deg som:
  • er fleksibel og likar utfordringar
  • er sjølvstendig og kan ta eigne vurderingar og avgjersler
  • er strukturert, ansvarsbevisst og løysingsorientert
  • delar og etterspør aktuell kunnskap
  • bidreg til eit positivt og godt arbeidsmiljø
  • er positiv, ser moglegheiter, bidreg til utvikling og arbeidar aktivt for å nå dei måla vi set oss
  • er ny-tenkande og kreativ
Vi kan tilby:
  • engasjerte kollegaer og leiarar i eit inkluderande miljø
  • faglege utfordringar
  • moglegheit for fag- og kompetanseutvikling
  • ein trivelig arbeidsplass du kan vere stolt av
  • vi legg tilrette for opplæring og rettleiing, om du er nyutdanna eller kjem frå ei anna teneste
  • kompetansetillegg for relevant vidareutdanning
  • godtgjersle for å ha studentar i praksis
  • god pensjons- og forsikringsordning

Politiattest av nyare dato må leverast før start i stilling.

Du søker elektronisk.

Velkommen som søkar, vi ser fram til å høyre frå deg!


Link til søknadsskjema: Søk her
Sektor
Offentlig
Sted
Hafstadvegen 42, 6800 Førde
Stillingsfunksjon
Sykepleier, Helsepersonell, Helsepersonell / Vernepleier/miljøterapeut
FINN-kode
351413900
Sist endret
06. mai 2024 07:54