Førde heimeteneste, eining 1, søker etter nye medarbeidarar

Arbeidsgiver
Sunnfjord kommune Førde heimeteneste, eining 1
Stillingstittel
Helsefagarbeidar
Frist
19.05.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Førde heimeteneste, eining 1, held til ved Førde omsorgssenter. Vi yt tenester innan heimesjukepleie, heimehjelp, matombringing og velferdsteknologi til bebuarar i 78 omsorgsbustadar knytt til Førde omsorgssenter og området rundt. Eininga har i dag rett i overkant av 39 årsverk. Vi erfarer stor grad av kollegastøtte, der det samla er mykje kompetanse, både gjennom formell vidareutdanning, men også opparbeida gjennom praksis. Vi ønskier å vere ei levande teneste med framtidsretta fokus der vi saman skal yte gode tenester til innbyggjarane våre!

Vi har ledig:
  • 100 % fast hjelpepleiar-/helsefagarbeidarstilling frå 01.09.24. Stillinga er i todelt turnus med arbeid kvar 3. helg
  • 27 % fast hjelpepleiar-/helsefagarbeidarstilling frå snarast. Stillinga er nattevaktsstilling med arbeid kvar 3. helg. Moglegheiter for at stillingsprosenten kan verte auka.
Arbeidsoppgåvene er mellom anna:
  • heilskapleg pleie, omsorg og behandling av brukarar
  • primær-/sekundærkontaktarbeid
  • samarbeid med brukar og pårørande
  • kunnskapsdeling gjennom vegleiig og opplæring av elevar, lærlingar og nytilsette
  • ansvar for dokumentasjon i fagprogrammet CosDoc
Krav til søkar:
  • norsk autorisasjon som hjelpepleiar eller helsefagarbeidar
  • beherske godt norsk, både munnleg og skriftleg
  • grunnleggande datakunnskap, då mobiltelefon og PC er viktig arbeidsvektøy i arbeidskvardagen vår
Vi søker deg som:
  • er fleksibel og likar utfordringar
  • er sjølvstendig, men arbeidar også godt i team
  • er strukturert, ansvarsbevisst og løysingsorientert
  • delar og etterspør aktuell kunnskap
  • bidreg til eit positivt og godt arbeidsmiljø
  • er positiv, ser moglegheiter, bidreg til utvikling og arbeidar aktivt for å nå dei måla vi set oss
  • er ny-tenkande og kreativ

Personlege eigenskapar vert vektlagd.

Vi kan tilby:
  • engasjerte kollegaer og leiarar i eit inkluderande miljø
  • faglege utfordringar
  • moglegheit for fag- og kompetanseutvikling
  • ein triveleg arbeidsplass du kan vere stolt av
  • vi legg tilrette for opplæring og vegleiing, om du er nyutdanna eller kjem frå ei anna teneste
  • kompetansetillegg for relevant vidareutdanning
  • god pensjons- og forsikringsordning

Politiattest av nyare dato må leverast før start i stilling.

Du søker elektronisk. Du må opplyse i søknaden om kva stilling du søkjer på.

Velkommen som søkar, vi ser fram til å høyre frå deg.


Link til søknadsskjema: Søk her
Sektor
Offentlig
Sted
Hafstadvegen 42, 6800 Førde
Stillingsfunksjon
Helsepersonell, Helsepersonell / Helsefagarbeider/hjelpepleier, Sykepleier
FINN-kode
351413745
Sist endret
06. mai 2024 07:52