Inaktiv

Er du vår nye rekneskapsmedarbeidar?

Arbeidsgiver
Reknehuset As
Stillingstittel
Regnskapsmedarbeider
Frist
20.05.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Vi ønskjer fleire kjekke kollegaer til kontora våre i Ulsteinvik og Ørsta


Rekneskapsbransjen er i stadig endring. Hos oss er vi opptekne av å vere omstillingsdyktige og arbeide i tråd med det eit moderne næringsliv krev.


På same måte som bandet treng ulike instrument for å låte godt, treng vi i Reknehuset ulike typar av medarbeidarar. Og som i eit band meiner vi at beste resultatet oppnår vi ved å jobbe saman. På den måten kan vi levere det beste til kundane våre.


Er du den tilbaketrekte gitaristen eller vokalisten som byr på seg sjølv? I Reknehuset treng vi alle saman. Hos oss kan du forme og utvikle din eigen arbeidsplass. Og du kan skifte instrument undervegs.


Fristar ein fleksibel arbeidskvardag saman med dyktige kollegaer og kjekke kundar? Då vil vi høyre frå deg.


Bli med på notane!


Du...


  • likar å tileigne deg ny kunnskap og ser på endring som ei spennande utfordring.
  • er nysgjerrig på digitale trendar og er interessert i å vere med vidare i den teknologiske utviklinga vi opplever i bransjen.
  • ønskjer å bidra til det gode arbeidsmiljøet vårt.
  • har bakgrunn frå økonomi/rekneskap eller har anna relevant erfaring
  • får ansvar for eiga kundeportefølje.
  • er kundeorientert og eit viktig kontaktpunkt for kunden.

Attestar og vitnemål tek du med til intervju.

Sektor
Privat
Sted
Bjørndalvegen 7, 6065 Ulsteinvik
Stillingsfunksjon
Økonomi og regnskap, Økonomi og regnskap / Regnskap, Kontor og administrasjon
FINN-kode
351411747
Sist endret
03. mai 2024 11:58