Barnehagelærer i Kyrkjebygda (Vikariat)

Arbeidsgiver
Nissedal kommune
Stillingstittel
Barnehagelærer
Frist
17.05.2024
Ansettelsesform
Vikariat

Beskrivelse

Nissedal -- der gode liv levast!


Nissedal kommune er ein naturskjøn kommune, men ruvande fjell og djupe vatn. Det er høve til både å klatre og å gå eit ti-tals flotte toppturar og bade i hundrevis av ferskvatn. Kommunen er langstrakt og ligg i Vest-Telemark. Kommunesentrumet Treungen har 1-10 skulen Tveit skule/Nissedal ungdomsskule og Treungen barnehage, som har to avdelingar. I grendene Felle og Fjone finn du både barnehage og SFO og i Kyrkjebygda har vi flotte, nyoppussa og utbygde Kyrkjebygda oppvekstsenter med barnehage, 1.-7 skule og SFO. Nissedal kommune satsar på oppvekst for sine barn og unge og har mål om å syte for eit inkluderande oppvekstmiljø på tvers av einingar og avdelingar, til det beste for våre barn og ungdom.


Eining for oppvekst og kultur i har ledig stilling:


100% vikariat som barnehagelærar ved Kyrkjebygda oppvekstsenter, avd. barnehage i perioden 12.08.24 -- 08.08.25, med høve til forlenging - id 2024/1588


Kvalifikasjonskrav:


  • Barnehagelærar eller tilsvarande pedagogisk utdanning
  • Gode faglege kunnskapar og interesse for fagleg utviklingsarbeid
  • Samarbeidsevne og fleksibilitet
  • Omstillingsevne
  • Det vil bli lagt vekt på personlege eigenskapar, stabilitet og nærvær på arbeidsplassen

Personar utan formell kompetanse kan bli vurderte dersom det ikkje melder seg søkjarar i målgruppa. Ein søkjar utan formell kompetanse kan bli tilsett på dispensasjon i vikariat for eit år.


Vi kan tilby:


  • Inkluderande og positivt arbeidsmiljø
  • Spennande arbeidsoppgåver med fastsette stillingsomtalar
  • Tilsetjingsvilkår etter gjeldande lov, tariffavtale og kommunen sitt reglement

Kommunen nyttar nynorsk som skriftspråk.


NB! Eininga treng nye tilkallingsvikarar til barnehage, skule, SFO, ungdomsklubb, badevakt, og andre oppgåver innan kultur. Ta gjerne kontakt med aktuelle avdelingsleiarar om du ønskjer å prøve deg. Vi tek gjerne ein prat og finn ut kva som kan vere aktuelt. Det er viktig at du er glad i barn og unge og er personleg egna. Alt anna kan vi gje opplæring i.


Ved tilsetjing blir det stilt krav om politiattest. Vi gjer merksam på at namn på søkjarar kan bli offentleggjort i høve til offentleglova §25.

Kopi av vitnemål og attestar skal leverast i samband med intervjuet


Søknadsfrist: 17.05.2024

Sektor
Offentlig
Sted
Treungvegen 398, 3855 Treungen
Stillingsfunksjon
Undervisning og pedagogikk
FINN-kode
351393285
Sist endret
03. mai 2024 11:11