4 stillingar à 100% som lærar ved Kinsarvik skule

Arbeidsgiver
Ullensvang kommune Kinsarvik skule
Frist
21.05.2024

Beskrivelse

Ledige lærarstillingar ved Kinsarvik skule

Som lærar hos oss får du arbeide i eit miljø med kjekke kollegaer, høg kompetanse og moglegheit til å delta i vidareutvikling av skulekvardagen til 169 flotte elevar!

Ledige lærarstillingar ved Kinsarvik skule, skuleåret 2024-25

Det blir inntil 400 % faste stillingar ledig ved Kinsarvik skule frå 01.08.2024.

Me treng lærar på ungdomstrinnet i basisfaga norsk, engelsk og matematikk, i tillegg til spesialpedagogikk, naturfag, musikk, arbeidslivsfag og kroppsøving med fleire. Kan og bli tildelt funksjonen som kontaktlærar.

Om skulen

Kinsarvik skule er ein 1.-10. skule i Ullensvang kommune. Skulen har 169 elevar, og 40 tilsette. Me ligg fint til i sentrum av bygda Kinsarvik med gode uteområde rundt skulen.

Utviklingsområdet vårt er motivasjon og meistring for alle. I tillegg arbeider skulen for at alle elevane skal ha eit godt læringsmiljø.

Skuleleiinga består av rektor og to avdelingsleiarar.

Skulen har 60 % merkantil ressurs.

Ynskte kvalifikasjonar:

  • Godkjent undervisningskompetanse

Personlege eigenskapar:

Me ser etter deg som :

  • trivst i lag med ungdomar
  • er ein god klasseleiar
  • er sjølvstendig
  • har gode samarbeidsevner og god relasjonskompetanse

Me tilbyr:

  • Varierte arbeidsoppgåver
  • Løn etter hovudtariffavtalen
  • Gode moglegheiter for kompetanseheving med støtte frå kommunen
  • Ullensvang kommune har inkluderande arbeidsliv (IA), fleksibel arbeidstid og gode permisjons- og pensjonsvilkår


Link til søknadsskjema: Søk her
Antall stillinger
4
Sted
Opheimsgata 31, 5750 Odda
Stillingsfunksjon
Undervisning og pedagogikk, Undervisning og pedagogikk / Allmennlærer/kontaktlærer
FINN-kode
351384521
Sist endret
06. mai 2024 06:13