Inaktiv

Ledig årsvikariat som fagleiar skule i 100% stilling frå hausten 2024

Arbeidsgiver
Svelgen Oppvekst, Bremanger kommune
Stillingstittel
Fagleiar
Frist
26.05.2024
Ansettelsesform
Vikariat

Beskrivelse

Svelgen oppvekst har ledig eit årsvikariat som fagleiar i 100 % stilling frå 01.08.24-31.07.25. Vi søker etter ein fagleiar som har evne til å skape tillit, motivere og inspirere og som har stor arbeidskapasitet. Du må ha godt humør og vere ein pådrivar i skulen sitt utviklingsarbeid både fagleg og sosialt i tråd med sentrale og lokale mål. Du må ha evne til å vere sjølvstendig, ansvarleg og fleksibel, samtidig som du er god på samarbeid og kommunikasjon.

Leiinga ved Svelgen oppvekst består av driftssjef, fagleiar skule og fagleiar barnehage. Den som vert tilsett må vere handlekraftig og god til å sette seg inn i dei allsidige arbeidsoppgåvene ei fagleiarstilling inneber.

I stillinga inngår 60 % administrasjon og 40 % undervisning, og du må derfor ha undervisningskompetanse innanfor skulen sitt fagtilbod.



Arbeidsoppgåver

    Fagleiar vil fungere som leiar i pedagogiske spørsmål og administrative oppgåver når driftssjef er fråverande, samt ha følgjande oppgåver:

    • informere nytilsette i skulen og gi praktisk informasjon
    • kollegarettleiing i pedagogiske og psykososiale spørsmål
    • vere del av skulen sitt PALS-team
    • medansvar og oppfølging av skulen sitt arbeid med det psykososiale miljøet (skulen si satsing på IBOS, § 9A, skulehelsetenesta, annleisveka mm.)
    • medansvar for oppfølging av einskildelevar og tidleg innsats
    • medansvar overgangsarbeid i skule/barnehage
    • delta på teamleiarmøte
    • organisering av nasjonale prøver, eksamen og tentamen
    • vikarordning i samarbeid med teamleiarane, samt utarbeide inspeksjonsplan
    • ha ansvar for den kulturelle skulesekken
    • ha ansvar for branntilsyn, brannøvingar to gangar pr. år, branninformasjon, dokumentasjon

    Kvalifikasjonar

    Ved utveljing vektlegg vi søkjarar som er/har:

    • godkjent undervisningskompetanse og erfaring frå skuleverket
    • høg relasjonskompetanse med gode samarbeids- og formidlingsevner
    • avgjerdsfør/resultatorientert
    • god skriftleg og munnleg framstillingsevne
    • gode IKT-kunnskapar
    • erfaring og utdanning innan leiing er ein fordel, men ikkje eit krav

    Personlege eigenskapar vil bli sterkt vektlagt.

    Vi tilbyr

    • Eit godt arbeidsmiljø der du vil møte gode kollegaer med godt humør og stå på vilje
    • God pensjon og gode lånevilkår gjennom medlemskap i Statens Pensjonskasse. SPK.no - Statens pensjonskasse for undervisningspersonale og KLP.no - Kommunal Landspensjon for andre. Ordningane ein får tilgang på kan bety mykje gjennom livsløpet.
    • Gode personforsikringar i arbeid og fritid
    • Gode moglegheiter for vidareutdanning, fagleg og personleg utvikling. Etter nærare avtale kan etter- og vidareutdanning gjennomførast med kompensasjon frå arbeidsgivar
    • Arbeidsgjevar dekker kostnadar til arbeidsklede, jf. lokal avtale
    • Senioravtale for tilsette over 62 år. Undervisningspersonale får 100 % løn med 80 % arbeidstid. Andre tilsette får 2 ekstra veker fritid, dvs totalt 8 veker ferie og fritid!
    • Mentorordning for nyutdanna undervisningspersonalet, god opplæring og oppfølging til nytilsette
    • Tilsette i turnusordning får vere med på planlegging av si eiga arbeidstid og fritid. Kan vere muleg med langvakter
    • Rekrutteringstilskot til sjukepleiarar og vernepleiarar med kr. 30.000,- pr år inntil 10 års ansiennitet
    • Hjelp til å finne bustad og barnehageplass
    • Frå hausten 2024 er barnehageprisen 1500 kr per månad, for barn nummer to vert det gjeve 30% søskenmoderasjon av betalingssatsen, for det tredje barnet og eventuelt fleire barn vert det gjeve 100% søskenmoderasjon av betalingssatsen. Løpande barnehageopptak gjennom året!
    • Gratis 12 timar SFO i veka for 1-2 klasse
    • Sjå ledige bustadtomtar i kommunen
    • Tilskot til bustadbygging Tilskotet er sett til kr 200 000 for bustadhus og kr 50 000 for kjøp av nybygt bustad i fleirbustadbygg

    Kontaktinformasjon

    Sindre Myklebust Fjeld, Driftssjef Svelgen oppvekst, +47 46806321

    Arbeidsstad

    Gunnar Scheldrups veg 31

    6723 Svelgen

    Nøkkelinformasjon:

    Arbeidsgivar: Bremanger kommune



    Referansenr.: 4808928083

    Stillingsprosent: 100%

    Vikar

    Startdato: 01.08.2024

    Sluttdato: 31.07.2025

    Søknadsfrist: 26.05.2024


    Sted
    Gunnar Scheldrups veg 31, 6723 Svelgen
    Stillingsfunksjon
    Undervisning og pedagogikk, Ledelse
    FINN-kode
    351370420
    Sist endret
    06. mai 2024 05:57