Inaktiv

Rettleiar ved NAV Giske, vikariat

Arbeidsgiver
Giske kommune
Stillingstittel
Rettleiar ved NAV Giske, vikariat
Frist
20.05.2024
Ansettelsesform
Vikariat

Beskrivelse

NAV Giske har ledig vikariat i 100 % stilling frå snarast og t.o.m. 31.12.2024.

NAV sitt samfunnsoppdrag er å bidra til sosial og økonomisk tryggleik og fremje overgang til arbeid og aktivitet. Vi søker ein dyktig, engasjert og resultatorientert rettleiar som er interessert i å jobbe med menneske, kartlegge behov og finne gode løysingar for den enkelte. Vi søker deg som ynskjer å bidra til at fleire får høve til å bli inkludert i arbeidslivet.

NAV Giske er lokalisert i rådhuset på Valderøya og har i dag 15 engasjerte tilsette som arbeider heilheitleg på tvers av kommunale og statlege oppgåver. Vi har som mål å være ein spennande arbeidsplass og ynskjer å gje kvar enkelt medarbeidar moglegheit til utvikling. Vi vektlegg eit godt og inkluderande arbeidsmiljø.

I tillegg til formell kompetanse blir det lagt vekt på motivasjon, personlege eigenskapar og at ein ellers er skikka for stillinga.



Arbeidsoppgåver

  • Saksbehandling innanfor NAV sine kommunale og statlege ansvarsområde
  • Oppfølging, rettleiing og motivering av brukarar med mål om arbeid, utdanning og aktivitet
  • Kartlegge den enkelte sine ressursar og moglegheiter
  • Saksbehandling etter lov om sosiale tenester
  • Utvikle gode relasjonar og samarbeid med lokalt næringsliv og andre samarbeidspartnarar
  • Vurdere, iverksette og følgje opp aktuelle tiltak
  • Oppfølging av eigen portefølje
  • Publikumsmottak og post

Det kan bli endringar i arbeidsoppgåver.

Kvalifikasjonar

  • Fullført bachelor eller tilsvarande. Relevant arbeidserfaring kan kompensere for utdanningskravet.
  • God digital kompetanse.
  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne
  • Gode norskkunnspar både munnleg og skriftleg
  • Rettleiingskompetanse

Det er i tillegg ønskeleg at du har:

  • Forståing av NAV si rolle i samfunnet
  • Inkluderingskompetanse
  • Erfaring frå saksbehandling i samsvar med relevant lovverk
  • Kjennskap til arbeidsmarknaden
  • Erfaring frå tverrfagleg samarbeid
  • Sertifikat for bil

Personlege eigenskapar

  • Du liker å jobbe med menneske og trivast med å motivere andre
  • Du er ein trygg, tydeleg rettleiar som tør å utfordre og evnar å gjennomføre
  • Du er omstillingsdyktig, utviklingsorientert og ser moglegheiter
  • Du er ein god lagspelar, som er opptatt av å bidra til eit fagleg godt og inkluderande arbeidsmiljø
  • Du er fleksibel og nytenkande
  • Du har gode kommunikasjonsevner og gode evner til å bygge relasjonar
  • Du har toleranse for fagleg kompleksitet og ein hektisk kvardag

Vi tilbyr

  • Spennande og meiningsfylte arbeidsoppgåver innan eit viktig samfunnsområde
  • Varierte arbeidsoppgåver i eit godt fagleg arbeidsmiljø
  • Fleksitidsordning
  • Løn og tilsetting på kommunale vilkår

Kontaktinformasjon

Tone Mette L. Johnsen, leiar Nav Giske, +47 95872214

Arbeidsstad

Valderhaug 4

6050 Valderøya

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Giske kommune



Referansenr.: 4809023666

Stillingsprosent: 100%

Vikar

Søknadsfrist: 20.05.2024


Sektor
Offentlig
Sted
Valderhaug 4, 6050 Valderøya
Stillingsfunksjon
Rådgivning, Saksbehandler, Annet
FINN-kode
351369214
Sist endret
06. mai 2024 06:19