Forløpskoordinator psykisk helse og rus

Arbeidsgiver
Kommunalområde Helse, Ålesund kommune
Stillingstittel
Forløpskoordinator psykisk helse og rus
Frist
20.05.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Er du løysingsorientert og brenn for samhandling?

Ålesund kommune søkjer etter deg som har erfaring i å jobbe på
tvers av ulike fagområde, for å finne dei beste tverrfaglige løysingane for
personar med samansette helseutfordingar, psykisk lidelse og/ eller rusproblematikk.

Verksemd for koordinering og tildeling har ledig fast stilling som forløpskoordinator psykisk helse og rus.

Koordinering
og tildeling held til på Rådhuset i Ålesund sentrum. I tillegg til
koordinerande eining, KE, som du vil vere ein del av, består verksemda av
sakshandsamarar som handsamar søknadar om ulike helse- og omsorgstenester. Du vil ha
ei sentral rolle i KE og vere med å drifte denne. KE består av
forløpskoordinator barn og familie, forløpskoordinator psykisk helse og rus,
forløpskoordinator kreft, ambulerande kreftkoordinator, bustadsosial
koordinator, pårørendekoordinator og barnekoordinator.

I tillegg til formell utdanning og relevant praksis vert det lagt vekt på personlege eigenskapar og at ein er skikka for
stillinga.



Arbeidsoppgåver

  • Oppfølging av unge vaksne, og vaksne med samansette utfordringbilete (hovudsakleg innan psykisk helse) som står i livsovergangar (t.d. overgang frå barn til vaksen)
  • Kartlegging av bistandsbehov
  • Bidra til å opprette tenestetilbod frå eit forløpsperspektiv
  • Støttesamtalar og rettleing i velferdssystemet til brukar og pårørende
  • Opprette samarbeidsforum, initiere og leie samarbeidsmøter
  • Opprette og igangsette av Individuell Plan (IP) med brukarperspektiv i fokus
  • Ansvar for opplæring og rettleiing av koordinatorar frå andre verksemder, inkludert drift av koordinatornettverk (saman med forløpskoordinator barn og familie)
  • Administrator for digitalt verktøy for IP, Visma Flyt Samspill
  • Drifte/leie koordinerande eining
  • Delta i ulike arbeidsgrupper og i utviklingsarbeid i kommunen

Kvalifikasjonar

  • Minimum treårig helse- eller sosialfagleg høgskule/universitetsutdanning
  • Ønskjeleg med vidareutdanning innan psykososialt arbeid, eller andre
    relevante utdanningar
  • Relevant praksis og erfaring frå arbeid med tverrfagleg samarbeid rundt brukargruppa
  • God kjennskap til det kommunale systemet, velferdstenestene og gjeldande
    lovverk
  • Gode samarbeidsevne
  • God relasjonskompetanse
  • Digital kompetanse
  • God norsk munnleg og skriftleg framstillingsevne
  • Strukturert og med god gjennomføringsevne
  • Fordel med kjennskap til Helseplattformen
  • Må ha sertifikat

Personlege eigenskapar

  • Identifiserer seg med kommunens verdiar: open, engasjert og modig
  • Fleksibel
  • Positiv
  • Gode samarbeidsevne
  • Gode evner til å arbeide både sjølvstendig og i team
  • God arbeidskapasitet

Vi tilbyr

  • Eit godt, spennande og tverrfagleg arbeidsmiljø
  • Engasjerte medarbeidarar med høgt fagleg fokus
  • Moglegheit for fagleg utvikling
  • Rettleing
  • Løn etter avtale
  • God pensjonsordning

Kontaktinformasjon

Kristin Molt Korsnes, Avdelingsleiar, 482 72 159, kristin.molt.korsnes@alesund.kommune.no

Jill Aalvik Ebbesen, Fagsjef, 467 72 704, jill.aalvik.ebbesen@alesund.kommune.no

Torill Aarskog Skorpen, Konstituert verksemdsleiar, 901 59 242, torill.aarskog.skorpen@alesund.kommune.no

Arbeidsstad

Keiser Wilhelms g. 11

6003 Ålesund

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Ålesund kommune



Referansenr.: 4807701138

Stillingsprosent: 100%

Fast

Søknadsfrist: 20.05.2024


Sektor
Offentlig
Sted
Keiser Wilhelms g. 11, 6003 Ålesund
Stillingsfunksjon
Helsepersonell, Saksbehandler, Rådgivning
FINN-kode
351362963
Sist endret
06. mai 2024 05:55