Inaktiv

Ynskjer du å jobba med unge arbeidssøkjarar?

Arbeidsgiver
Vindafjord kommune NAV Vindafjord-Etne
Stillingstittel
Veiledar ungdom NAV Vindafjord- Etne
Frist
16.05.2024
Ansettelsesform
Vikariat

Beskrivelse

Me søker:

NAV Vindafjord- Etne består av 29 tilsette, og held til i lokaler på Rådhuset i Ølen. Me har ledig eit 1 års vikariat i 100% stilling som veiledar ungdom, med moglegheit for forlenging. Stillinga er ledig frå 1. august. Me søkjer etter ein engasjerte medarbeidar som har ei positiv innstilling, er nytenkjande og fokusert på å finne moglegheiter. Me ser etter deg som trives med endring og utvikling i stort tempo. Arbeidsoppgåvene vil bestå av både sakshandsaming og individuell oppfølging gjennom samtalar og veiledning.

Hos oss får du:

  • Meningsfulle og varierte arbeidsoppgåver
  • Vera med å hjelpa enkeltmennesker
  • Jobba i ein stor organisasjon med eit viktig samfunnsoppdrag
  • Store utviklingsmoglegheiter
  • Viktig og positiv arbeidserfaring
  • Jobbe med engasjerte og kompetente kollegaer

Hovudarbeidsoppgåver:

  • Arbeidsretta oppfølging av unge arbeidssøkjerar
  • Sakshandsame etter lov om sosiale tenester i NAV

  • Kartlegga, avklara og veileda brukar i forhold til arbeid, økonomi og sosiale forhold
  • Samarbeida tett med kollegaer på tvers av team, arbeidsgjevarar, samt andre aktuelle samarbeidspartnarar i og utanfor kommunen

NAV er ein organisasjon i stadig utvikling og du må pårekna endring i arbeidsoppgåver.

Kvalifikasjonar:

  • Fullført utdanning tilsvarande bachelorgrad, gjerne innen sosialt arbeid, barnevern eller pedagogikk. Fagbrev kombinert med lang relevant erfaring kan i nokre tilfelle kompensera for utdanningskravet.
  • Gode digitale ferdigheter
  • Gode kommunikasjonsferdigheter i norsk både munnleg og skriftleg
  • Sakshandsamingskompetanse, gjerne innan sosialtenestelova
  • Det er ein fordel med veiledningskompetanse, anten gjennom formell kompetanse eller gjennom praksis frå veiledningsarbeid
  • Førarkort klasse B

Personlege eigenskapar:

  • Du har evne til å skape tillit og bygga gode relasjonar

  • Du har evne til å tenkja heilskapleg og sjå heile mennesket
  • Du har ei positiv innstilling, nytenkjande og er fokusert på å finne moglegheiter
  • Du motiverer og stiller krav til brukar og samarbeidspartnarar
  • Du arbeider sjølvstendig, målretta og effektivt
  • Du trives med utvikling og endring i stort tempo
  • Du er strukturert, sjølv i ein uforutsigbar kvardag

Personlege eigenskapar vert tillagt stor vekt.

Me kan tilby:

  • Variert arbeid i eit positivt miljø
  • Faglege utfordringar og utvikling som fagperson
  • God opplæring og samarbeid med andre
  • Rabatt på treningssenter
  • Bedriftskunstlag
  • Kommunalt kor, KORe’ Vindafjord (www.korevindafjord.no)
  • Gode forsikrings- og pensjonsordningar (frå løna vert det trekt 2 % innskot til pensjonsordning)

Lønsvilkår:

Løn etter gjeldande tariff og avtaleverk.

Andre opplysningar:

Ved arbeid i barnehage, skule, barnevern, helse og omsorg, skal det leggast fram godkjent politiattest. Ved arbeid i barnehage, skule eller helse og omsorg skal det leggast fram godkjend dokumentasjon på tuberkulinkontroll før oppstart i jobb dersom du har budd eller opphalde deg i land med høg tuberkuloseførekomst i meir enn tre månadar. Personell i helse og omsorg legga fram helseopplysningsskjema i høve til MRSA.

Slik søker du:

Vindafjord kommune tek berre i mot elektroniske søknadar via søknadssenteret vårt. Du kan lasta opp vitnemål og attestar som vedlegg. Om du ikkje har dei elektronisk, eller i rett format, må dei takast med til intervju. Ta kontakt med servicetorget på telefon 53 65 65 65 dersom du treng hjelp til å søka.

Du kan koma med på offentleg søkarliste sjølv om du har bedt om unntak. Me tek kontakt før ei eventuell offentleggjering.


Link til søknadsskjema: Søk her
Sektor
Offentlig
Sted
Rådhusplassen 1, 5580 Ølen
Stillingsfunksjon
Rådgivning, Saksbehandler, Annet
FINN-kode
351278368
Sist endret
03. mai 2024 06:37