Inaktiv

Lærar Gossen Barne- og ungdomsskole -innføringsklasse

Arbeidsgiver
Aukra kommune Gossen barne- og ungdomsskole
Stillingstittel
Lærar
Frist
16.05.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Arbeidsoppgåver

Gossen barne og ungdomsskole har ledig fast stilling som lærar til mellom anna innføringsklasse.
Den som blir tilsett må pårekne å ta på seg kontaktlæraransvar.

Krav til søkar

- Glad i å vere med å utvikle barn emosjonelt, sosialt og fagleg
- Formelle krav til stillinga finn ein i forskrift til opplæringslova
- God på relasjon, klasseleiing og samarbeid med heimen
- Fagleg trygg og god på tilpassing
- Utviklingsorientert og løysingsorientert
- Har god datakunnskap og erfaring i bruk av data som arbeidsverktøy
- Brukar nynorsk som målform
- Kan kommunisere, samarbeide, er stabil og fleksibel

Vi tilbyr

Vi har ein flott og moderne skole med gode fasilitetar både ute og inne.
Skolen er utviklingsorientert og har delteke i mange nasjonale satsingar. Vi arbeider no i eit prosjekt saman med Skrivesenteret og NTNU, og har saman med kommmunepsykologen fokus på tilknytingspsykologi.
Arbeidsmiljøet er godt med dyktige medarbeidarar og ein arbeidsplass der vi ønsker å legge til rette for eit fagleg utfordrande og kvalitetsmessig godt tilbod til våre tilsette og brukarar.

- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Kommunale tilsettingsvilkår og løn etter tariff
- Utdanningsstønad frå eige fond for etter- og vidareutdanning
- Flyttegodtgjersle etter kommunalt regelverk

Særskilte krav

Det blir stilt krav om politiattest

Prøvetid

Gjensidig effektiv prøvetid på 6 månader

Søkarliste

Om du ønskjer å reservere deg frå oppføring på offentleg søkarliste, må du opplyse om og grunngje dette i søknaden. Opplysningar kan bli offentleggjort sjølv om du har bedt om ikkje å bli oppført på søkarlista, jfr. Offentleglova § 25. Du blir varsla dersom ønsket om reservasjon ikkje vert tatt til følge.

Søknad sendast

Aukra kommune nyttar elektronisk søknadsbehandling. Vi ber derfor om at du fyller ut elektronisk søknadsskjema via funksjonen "Søk på stilling"


Link til søknadsskjema: Søk her
Sektor
Offentlig
Sted
Nyjordvegen 25, 6480 Aukra
Stillingsfunksjon
Undervisning og pedagogikk
FINN-kode
351269554
Sist endret
03. mai 2024 06:21