Assistent

Arbeidsgiver
Sunnylven skule, Stranda kommune
Stillingstittel
Assistent
Frist
20.05.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Sunnylven skule ligg i tettstaden Hellesylt i Stranda kommune. Skulen er ein 1. – 10. skule med SFO ordning og har frå hausten ca 60 elevar og omlag 8 årsverk knytt til undervisning. Skulen er nyleg rehabilitert og framstår som ny og moderne.

Vi har ledig 41,2 % fast stilling som assistent i skule og SFO frå 01.08.24. Stillinga er p.t. lagt til måndag, tysdag og onsdag.


Tilsetting skjer etter gjeldande lover, reglement og tariffavtalar, herunder 6 mnd. prøvetid og 2% pensjonsinnskot. Vitnemål og attestar skal leggast ved søknaden.
Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort sjølv om søkjaren har oppmoda om å ikkje bli ført opp på Søkjarliste. Søkjar vert varsla om dette vert gjort.]f. Offentleglova § 25. Den som vert tilsett må framvise politiattest av nyare dato



Arbeidsoppgåver

  • Assistentoppgåver i skule og SFO
  • Inspeksjon i friminutt

Kvalifikasjonar

  • Barne og ungdomsarbeidar, andre kan bli aktuelle
  • Erfaring frå arbeid med born i skule eller barnehage

Personlege eigenskapar

  • Fungere godt saman med born og samarbeide med kollegiet på skulen
  • Å kunne sette tydelege grenser
  • Planlegge og leie aktivitetar saman med born i aldersgruppa 6- 10 år
  • Ryddig og strukturert
  • Kommunisere godt med både born og voksne

Vi tilbyr

  • Du får vere med påverke din eigen arbeidskvardag, fagleg og sosialt
  • Nyrenovert skulebygg
  • Godt arbeidsmiljø og trivelege kollegaer

I stillinga har du rett på ein av Norges sikraste pensjonsordningar: offentleg
tenestepensjon. Der dei fleste tenestepensjonar kun vert utbetalt i
10 år, er offentleg tenestepensjon ei utbetaling som varer fra den
dagen du sluttar å arbeide og livet ut. Pensjonen inkluderar også uføre- og
etterlattepensjon om noko uventa skulle skje. Med pensjonsrett i KLP får du
medlemspris og gunstige betingelsar på ei rekke bank, forsikring og
spareprodukter.

Offentleg tenestepensjon for nytilsette

Kontaktinformasjon

Liv Norun Langeland Runde, Einingsleiar

Arbeidsstad

Hellesyltvegen 56

6218 Hellesylt

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Stranda kommune



Referansenr.: 4809024773

Stillingsprosent: 41,2%

Fast

Startdato: 01.08.2024

Søknadsfrist: 17.05.2024


Sted
Hellesyltvegen 56, 6218 Hellesylt
Stillingsfunksjon
Undervisning og pedagogikk, Annet
FINN-kode
351263814
Sist endret
03. mai 2024 06:15