Barne-og ungdomsarbeidar/assistent- 100% vikariat

Arbeidsgiver
Alver kommune
Stillingstittel
Barne- og ungdomsarbeidar/assistent - 100% vikariat
Frist
19.05.2024
Ansettelsesform
Vikariat

Beskrivelse

Om stillinga

Det er etablert asylmottak på Radøytunet. Mottaket starta opp 8. januar 2024 og har 150 plassar. Det er venta at inntil 70 % av bebuarane er ukrainske, og at det er barn og unge i barnehage- og grunnskulealder. Bebuarane på mottaket vil opphalde seg der for ein kortare eller lengre periode. Uavhengig av opphaldstid har kommunen ansvar for å leggje til rette for grunnskuleundervisning.

Vi søkjer difor etter 1 Barne-og ungdomsarbeidar/assistent som skal arbeide på Hordabø skule med elevane som bur på asylmottaket. Det vert tatt atterhald om at det vil kome barn og ungdommar i grunnskulealder til asylmottaket.
Stillinga er mellombels frå 15.08.2024 – 21.12.2024, med moglegheit for forlenging


Arbeidsoppgåver

Du vil vere med på å skape eit inkluderande og støttande skulemiljø der elevane trivst og lukkast. Saman med vårt engasjerte team vil du samarbeide om felles skuleutvikling og bidra til å leggje til rette for eit sterkt samarbeid mellom skulen og heimen.


Kvalifikasjonskrav
  • Fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar eller anna relevant utdanning er ønskjeleg.
  • Erfaring frå arbeid med planlegging, tilrettelegging og deltaking i aktivitetar for barn vert vektlagde
  • God evne til å arbeide sjølvstendig, men samtidig fungere godt i eit team


Personlege eigenskapar:
Vi verdset eigenskapar som evna til å byggje sterke relasjonar til både born og vaksne. Fleksibilitet, løysingsorientering og samarbeidsvilje er viktige eigenskapar for å trivast. Du har høge ambisjonar for barna/elevane, kollegaene og deg sjølv, og set alltid barna/elevane sin trivnad og læring først. Di positive haldning og gode humør vil bidra til ein inspirerande og energisk arbeidsplass.

I tråd med opplæringslova vert det stilt krav om politiattest ved tiltrede.


Vi tilbyr

Vi tilbyr løn etter avtaleverket.
Eit godt arbeidsmiljø med dyktige og inkluderande kollegaer med mykje arbeidsglede.
Utfordrande og spanande arbeidsoppgåver.


Sektor
Offentlig
Sted
Nordbøvegen 1, 5937 Bøvågen
Stillingsfunksjon
Undervisning og pedagogikk, Annet, Omsorg og sosialt arbeid
FINN-kode
351261268
Sist endret
03. mai 2024 06:11