Spesialsjukepleiar/sjukepleier 

Arbeidsgiver
Nyfødt intensiv post Haugesund sjukehus, Helse Fonna HF
Stillingstittel
Spesialsjukepleiar /sjukepleier
Frist
21.05.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Nyfødt intensiv søker etter to nye medarbeidarar til 75% vikariat i 3-delt turnus, med moglegheit for intern omrokkering til andre stillingar ved behov. Avdelinga omfattar Barnepoliklinikk på Stord og i Haugesund, Familieambulatoriet, Nyfødtintensiv eining og Barn sengeeining, og det er eit nært samarbeid mellom desse einingane.

Vi tar imot sjuke nyfødde premature frå veke 28 og intensive barn under 3 månadar i Helse Fonna-området. Hos oss vil du oppleve ein triveleg, variert og spanande arbeidsplass med høgt fagleg nivå og stabilt og dyktig personale. Vi legg stor vekt på godt arbeidsmiljø, teamarbeid og fagleg utvikling, og tilbyr god opplæring og regelmessige simuleringar for å halde deg fagleg utfordra.

Du er velkommen til å søkje!



Arbeidsoppgåver

  • Generell pasientoppfølging
  • Undervisning for pasientar, foreldre og grupper

Kvalifikasjonar

  • Spesialsjukepleiar med vidareutdanning i nyfødtsjukepleie, pediatri og intensivsjukepleie vil bli prioritert
  • Erfaring frå liknande avdeling er ein fordel

Personlege eigenskapar

Hos oss er det viktig at du:

  • trivst med nattarbeid og er oppteken av å ta godt vare på pasientar
  • er fagleg sterk, strukturert og presis, med god forståing av ansvarsområdet ditt
  • er trygg i akutte situasjonar og i omsorg for alvorleg og akutt sjuke barn
  • har gode samarbeidsevner og villig til å samarbeide på tvers av avdelingane
  • er åpen for nye utfordringar og har god arbeidskapasitet
  • har et ønske om å bidra til eit positivt og inkluderande arbeidsmiljø

Vi tilbyr

  • Ein triveleg, variert og spanande arbeidsplass med høgt fagleg nivå
  • Stabilt og dyktig personale
  • Godt arbeidsmiljø
  • Teamarbeid
  • God opplæring og ukentleg simulering
  • Faglege utfordringar

Mangfaldserklæring
Helse Fonna ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonsevne og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Helse Fonna ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.

Kontaktinformasjon

Mette Erdal, Funksjonsleiar

Arbeidsstad

Karmsundgata 120

5528 HAUGESUND

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Fonna HF



Referansenr.: 4808016170

Stillingsprosent: 75%

Fast

Startdato: 01.09.2024

Søknadsfrist: 21.05.2024


Sektor
Offentlig
Antall stillinger
2
Sted
Karmsundgata 120, 5528 Haugesund
Stillingsfunksjon
Sykepleier, Helsepersonell
FINN-kode
351260166
Sist endret
03. mai 2024 06:14