Sjukepleiar, fast stilling ved Vigra omsorgssenter

Arbeidsgiver
Giske kommune, Vigra, Giske og Godøy omsorgsdistrikt
Stillingstittel
Sjukepleiar, fast stilling ved Vigra omsorgssenter
Frist
16.06.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Vi har ledig fast 85 % stilling som sjukepleiar i avdelingar for personar med demenssjukdom ved Vigra omsorgssenter.

Stillinga er ledig frå snarast og inngår i turnus med arbeid kvar 3. helg, men dersom det er ønskjeleg kan 4. kvar helg med langvakter bli vurdert.

Vi søkjer engasjerte sjukepleiarar med fokus på god og trygg pasientbehandling, og i tillegg til formell kompetanse blir personlege eigenskapar og at ein er skikka for stillinga vektlagt ved tilsetjing.

Det er krav om politiattest av ny dato.

Dokumentasjon på utdanning skal sendast som vedlegg til søknaden.



Arbeidsoppgåver

  • Vanlege oppgåver innan pleie og omsorg i avdelingar for personar med demenssjukdom.

Kvalifikasjonar

  • Autorisasjon som sjukepleiar.
  • Gjerne med vidareutdanning i geriatri.
  • Erfaring frå arbeid med demensomsorg er ønskjeleg.
  • God digital kompetanse.
  • Gode norskkunnskapar både munnleg og skriftleg.

Personlege eigenskapar

  • Engasjement og interesse for demensomsorg og liknande diagnosar.
  • Fleksibel og løysingsorientert.
  • Gode samarbeidsevner.
  • Fagleg dyktig og kan arbeide sjølvstendig.

Vi tilbyr

  • Fokus på fleksibilitet og samarbeid og ønskjer å oppretthalde eit godt arbeidsmiljø.
  • Løn og tilsetjing på vanlege kommunale vilkår.

Kontaktinformasjon

Helen Gjerde, nestleiar, 90249808

Randi Helen Holmen, avdelingsleiar Reset bufellesskap, 91875720

Heidi Renate Roaldsand, avdelingsleiar, 90248034

Nina Skjong, einingsleiar, +47 90251630

Arbeidsstad

Reset 14

6040 Vigra

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Giske kommune



Referansenr.: 4808939738

Stillingsprosent: 85%

Fast

Søknadsfrist: 16.06.2024


Sektor
Offentlig
Sted
Reset 14, 6040 Vigra
Stillingsfunksjon
Sykepleier, Helsepersonell
FINN-kode
351252512
Sist endret
15. mai 2024 09:19