Ringevikar - lærar på Sauland skule

Arbeidsgiver
Hjartdal kommune Sauland skule
Stillingstittel
Vikar
Frist
02.06.2024
Ansettelsesform
Vikariat

Beskrivelse

Ringevikar - lærar

Vi har behov for ringevikarar! Har du kjennskap til skule, er under utdanning eller lærar og kunne tenke deg ein midlertidig stilling?

Dette tilbyr vi deg:

Gode folk rundt deg.
Som lærar er du ein superhelt! Glade barn og engasjerte kollegaer møter du kvar dag på jobb som lærar hos oss.

Du får jobbe på ein heilt ny og moderne skule.

Skulen er i prosess med å bli «dysleksivenleg skule». Vi har også eit spennande samarbeid med matematikksenteret!

Visste du forresten at Hjartdal er ein kommune med MOT?
På skulen jobbar du, kollegaene dine og elevane med:

- MOT til å leve: Vere seg sjølv, leie seg sjølv, ha passion, akseptere at ein ikkje alltid er bra.

- MOT til å bry seg: skape godkjensle hos andre, vise respekt, vise kjærleik, vise omsorg for dei som er utanfor.

- MOT til å seie nei: prioritere, stå for eigne verdiar, våge å seie ifrå, praktisere tøff kjærleik.

Vi har ein fin visjon for oppvekst i vår kommune. «Vi trivast, lærer og har MOT til å gå saman.»

Vi trur dette er deg!

Vi trur du er eit varmt menneske
Du legg inn ein innsats for å skape ein god relasjon til elevar, føresette og kollegaer.

Du trivast i eit aktivt miljø.
På skulen kan det bli litt armar og bein. Vi lovar deg mange smil og latter!

Du er fleksibel.
Du er løysingsorientert og har evne til å tilpasse undervising for alle elevar.

Dine kvalifikasjonar

  • Godkjent lærarutdanning/pedagogisk utdanning for arbeid i skulen.
  • Du kan også vere under relevant utdanning og ha føresetnad om å fullføre studiet.
  • Anna relevant utdanning og erfaring vert vurdert indviduelt
  • God skriftleg og munnleg kompetanse.

Blir du kalla inn til intervju? Vi gleder oss til å prate med deg!
Men du - hugs å ta med ein kopi av vitnemål og attestar.

  • Skal du bli tilsett, må du vere personleg egna for stillinga.
  • Politiattest skal visast før tilsetjing.

Så kva seier du? Vil du jobbe hos oss?

No manglar det berre å sende oss ein søknad via elektronisk søknadsskjema.

Har du nokre spørsmål? Ta kontakt med oppgitt kontaktperson som gjerne svarar deg på det du lurar på!

Er du annonsør eller del av bemanningsbyrå? Takk for interessa, men vi ønskjer ikkje å bli kontakta.


Link til søknadsskjema: Søk her
Sektor
Offentlig
Sted
Saulandsvegen 543, 3692 Sauland
Stillingsfunksjon
Undervisning og pedagogikk
FINN-kode
351250468
Sist endret
03. mai 2024 06:01