Elevane ved Sauland skule søkjer draumelærar! Er det deg?

Arbeidsgiver
Hjartdal kommune Sauland skule
Stillingstittel
Lærar
Frist
19.05.2024
Ansettelsesform
Vikariat

Beskrivelse

Vi har ledige lærarstillingar, vikariat med høve for fast tilsetjing.

Elevane på skulen skildrar deg slik:
“Du er snill og morosam! Du lyttar til forslaga våre og på kva vi har å seie. Det gjer oss trygge. Er du kreativ og tek med praktiske oppgåver i undervisinga, blir vi kjempeglade!”

Elevane har også sine meiningar om kvifor du bør bli lærar akkurat HER:
“Det beste med Sauland er at vi har det bra saman. Og vi har ein kul, ny skule med heis! Klasseromma er fine og har stooore vindauge. Da kan vi sjå ut og følgje litt med på kva som skjer.”

Interessant? Les vidare, da vel!

Dette tilbyr vi deg:

Gode folk rundt deg.
Som lærar er du ein superhelt! Glade barn og engasjerte kollegaer møter du kvar dag på jobb som lærar hos oss.

Du får rom for sjølvstende og kreative løysningar.
Du får planlegge og gjennomføre opplæring og evaluere undervising. Vårt mål er å leggje til rette for inkluderande undervising for alle elevane.

Og hugs! Kollegaene dine er gode samarbeidspartnarar. Ver derfor ikkje redd for å huke tak i ein kollega for litt sparring.

Du får jobbe på ein heilt ny og moderne skule.
Legg noko av undervisinga til vårt flotte skulebibliotek. Dette er ein møteplass der elevane får inspirasjon og lyst til å lære!

Skulen er i prosess med å bli «dysleksivenleg skule». Vi har også eit spennande samarbeid med matematikksenteret som du får ta del i!

Visste du forresten at Hjartdal er ein kommune med MOT?
På skulen jobbar du, kollegaene dine og elevane med:

- MOT til å leve: Vere seg sjølv, leie seg sjølv, ha passion, akseptere at ein ikkje alltid er bra.

- MOT til å bry seg: skape godkjensle hos andre, vise respekt, vise kjærleik, vise omsorg for dei som er utanfor.

- MOT til å seie nei: prioritere, stå for eigne verdiar, våge å seie ifrå, praktisere tøff kjærleik.

Vi har ein fin visjon for oppvekst i vår kommune. «Vi trivast, lærer og har MOT til å gå saman.»

Vi trur dette er deg!

Vi trur du er eit varmt menneske
Du legg inn ein innsats for å skape ein god relasjon til elevar, føresette og kollegaer.

Du har eit sterkt engasjement og ambisjonar for elevane.
Som ein trygg og tydeleg klasseleiar hjelper du elevane til sosial og fagleg utvikling. Du strebar etter at elevane skal oppleve tryggleik, trivsel og meistring.

Du trivast i eit aktivt miljø.
På skulen kan det bli litt armar og bein. Vi lovar deg mange smil og latter!

Du er fleksibel.
Du er løysingsorientert og har evne til å tilpasse undervising for alle elevar.

Dine kvalifikasjonar

  • Godkjent lærarutdanning/pedagogisk utdanning for arbeid i skulen. Du kan også vere under relevant utdanning og ha føresetnad om å fullføre studiet. Anna relevant utdanning og erfaring vert vurdert indviduelt, men da mot ei mellombels stilling.
  • Undervisingskompetanse 1.-7. trinn eller 5.-10. trinn.
  • Vi har særskilt behov for lærarar med kompetanse i språkfag.
  • Det er ein fordel med god IKT-kompetanse og erfaring i bruk av læringsbrett og læringsappar i det pedagogiske arbeidet.
  • God skriftleg og munnleg kompetanse.

Her er litt ekstra informasjon som er greitt å vere klar over:

  • Prøvetida di er på 6 månadar. Du blir godt kjent med oss, og vi blir godt kjent med deg!
  • Du får gode pensjons- og forsikringsordningar.
  • Du blir tilsett basert på gjeldande lover, reglement og tariffavtaler.
  • Blir du kalla inn til intervju? Vi gleder oss til å prate med deg!
    Men du - hugs å ta med ein kopi av vitnemål og attestar.
  • Skal du bli tilsett, må du vere personleg egna for stillinga.
  • Politiattest skal leverast ved tilbod om stilling. Jf § 15 i Opplæringslova

Så kva seier du? Vil du jobbe hos oss?

No manglar det berre å sende oss ein søknad via elektronisk søknadsskjema.

Har du nokre spørsmål? Ta kontakt med oppgitt kontaktperson som gjerne svarar deg på det du lurar på!

Du kan bli ført opp på offentleg søkjarliste sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli det. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, blir du varsla om dette, jf. Offentleglova § 25.

Er du annonsør eller del av bemanningsbyrå? Takk for interessa, men vi ønskjer ikkje å bli kontakta.


Link til søknadsskjema: Søk her
Sektor
Offentlig
Sted
Saulandsvegen 543, 3692 Sauland
Stillingsfunksjon
Undervisning og pedagogikk
FINN-kode
351250144
Sist endret
03. mai 2024 06:00