Inaktiv

Dagleg leiar TID kafé & landhandel AS 100% (vikariat med moglegheit for forlenging)

Arbeidsgiver
Tid Kafè Og Landhandel
Stillingstittel
Daglig leder
Frist
15.05.2024
Ansettelsesform
Engasjement

Beskrivelse

Dagleg leiar TID kafé & landhandel AS 100% (vikariat med moglegheit for forlenging) Me søker ein engasjert og motivert dagleg leiar for vår TID kafé & landhandel, som er opptatt av å skape minneverdige opplevingar gjennom mat, drikke og gjestfridom.




Hva vi ser etter

Du må ha eit ynskje om å utvikle og implementere salsfremmande aktivitetar for å tiltrekke nye kundar og halde på eksisterande. Me søker ein leiar som er løysningsorientert og som har gode samarbeidsevner og leiareigenskapar.


Ønska kvalifikasjonar og eigenskapar


· Erfaring frå sal-- og service


· Gjerne leiarerfaring


· Økonomisk innsikt og forståing, samt vere resultatorientert


· Engasjement for lokalmat, grøn innovasjon og sosialt entreprenørskap


· Strukturert og tydeleg


· Fleksibel og lærevillig


· Ein lagspelar som får fram det beste i kollegaer


· Evne til å leie og motivere andre


· Ansvarsfull og sjølvgåande.




Arbeidsoppgaver

· Ansvarleg for dagleg drift og bemanningsplan


· Planlegge og følgje opp marknadsføring og sal


· Personalansvar og rekruttering av medarbeidarar


· Planlegge og følgje opp HMS for ein trygg arbeidsplass


· Kvalitetssikre produkt og tenester kaféen leverer


· Ansvar for økonomi: Budsjett, innkjøp, fakturering og rekneskap (ekstern rekneskapsførar)


· Rapportering til styret




Vi tilbyr

Unike arbeidsdagar med spennande utfordringar og varierte arbeidsoppgåver. Godt arbeidsmiljø med engasjerte og trivelege kollegaer i alle aldrar og med godt humør. Arbeidsmiljøet er prega av tillit, openheit og takhøgde. TID kafé og landhandel ligg i hjartet av Ål sentrum. Kaféen har ca 125 sitteplassar, eigen konsertscene, heimlaga mat, kaker og baristakaffe. Landhandel tilbyr lokalmat, varer i lausvekt, økologiske varer og fairtrade-produkt m.m. I kaféen har me gjenbruksmøblar, redesign, leikekrok for barn. I tillegg til å vere ein alminneleg kafé for lokalbefolkning og turistar, er kaféen ein arena for språkpraksis og arbeidstrening gjennom TID stiftelsen, som eig kafeen. Dagleg leiar samarbeider med stiftelsen, men har ikkje ansvar for folk i praksis. Lønn etter avtale. Stillingen er eit foreløpig vikariat, med moglegheit for forlenging. Oppstart 1.august eller etter avtale.

Sektor
Privat
Sted
Myren 36, 3570 Ål
Stillingsfunksjon
Ledelse, Butikksjef, Mat og servering
FINN-kode
351245926
Sist endret
02. mai 2024 08:30