Barnehagelærarar - Furuli barnehage

Arbeidsgiver
Sogndal kommune Sogndalsbarnehagen
Frist
21.05.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Velkommen til fagre Sogn, her får du i både pose og sekk! Her kan du kombinere ei spanande karriere med eit liv i frisk luft og fantastiske omgjevnadar. Sogndal kommune vart etablert 01.01.2020 etter kommunereforma. Kommunen har om lag 12 000 innbyggjarar og er regionsenteret i Sogn. Den er stor nok til mangfald, og liten nok til å gje oversikt, tryggleik og nærleik til det meste. Sogndal kommune har om lag 1300 medarbeidarar, og me satsar no på auka digitalisering som skal fornya, forbetra og forenkla tenestene me tilbyr. I Sogndal kommune er det totalt 16 barnehagar, der 12 av barnehagane er kommunale barnehagar

Sogndal kommune sine verdiar «SOGN» pregar Sogndalsbarnehagen:

Samskapande – Open – God - Nysgjerrig

Det er ledige barnehagelærarstillingar i Furuli barnehage, Sogndal kommune.

Furuli barnehage ligg i Kaupanger, omlag 10 kilometer frå Sogndal sentrum. Barnehagen består av 6 avdelingar og om lag 30 tilsette. Det er 83 born i alderen 1-6 år i barnehagen. Barnehagen ligg sentralt til i vekstbygda Kaupanger, med nærleik til flott natur, idrettsanlegg, butikkar og andre servicetilbod. Ringbussen køyrer til/frå Sogndal har stoppestad ved barnehagen.

Furuli barnehage:

-To 100% faste stillingar som barnehagelæar frå 01.08.2024

Bli betre kjend med Sogndal kommune og Furuli barnehage her:

www.sogndal.kommune.no - https://www.furuli-bhg.no/

Arbeidsoppgåver:

• sikra eit inkluderande, inspirerande og utviklande leike- og læringsmiljø

• ansvar for planlegging, gjennomføring, dokumentasjon og evaluering av det pedagogiske arbeidet

• medverka til gode prosessar i det pedagogiske arbeidet

• fagleg leiing og drift av ei avdeling i barnehagen

• bidra til eit godt samarbeid med føresette

• ansvar for rettleiing og tilrettelegging for fagarbeidarar, assistentar og lærlingar

Kvalifikasjonar:

• godkjend barnehagelærarutdanning, ev. anna høgskuleutdanning som gjev barnehagefagleg og pedagogisk kompetanse

• gjerne erfaring frå barnehage

• ynskjeleg med vidareutdanning/fordjuping i spesialpedagogikk og rettleiing i nokon av stillingane

• gjerne arbeidserfaring frå barnehage •

beherske norsk godt, både skriftleg og munnleg

• menn vert oppmoda om å søkje Personlege eigenskapar: • positiv, inkluderande og glad i nye utfordringar

• fagleg engasjert, tek initiativ og ansvar • evnar å skapa gode relasjonar i barnegruppa og med føresette

• likar å arbeida i lag med andre • taklar høgt tempo i kvardagen • fyrstehjelpskompetanse • godt humør

Me tilbyr:

· Ein spanande jobb i eit godt arbeidsmiljø.

· Gode pensjons- og forsikringsordningar

· Gode velferdsordningar

. Rettleiing for nyutdanna barnehagelærarar

Andre opplysningar:

Det kan verte ledig fleire stillingar enn det som er utlyst i denne utlysinga. Då vil me ta kontakt med aktuelle søkjarar frå denne søknadsrunden. Utlysinga gjeld difor og eventuelt andre ledige barnehagelærarstillingar som kan koma til seinare i vinter/vår. Søkarar kan difor vere aktuelle / få tilbod om stilling som ikkje er annonsert gjennom hovudutlysinga.

Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. Me legg vekt på å leggje til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det.

Politiattest må leggast fram før tilsetjing

Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.

Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt EasyCruit.


Link til søknadsskjema: Søk her
Sektor
Offentlig
Antall stillinger
2
Sted
Dalavegen 2, 6856 Sogndal
Stillingsfunksjon
Barnehage / Barnehagelærer, Barnehage / Pedagogisk leder, Undervisning og pedagogikk
FINN-kode
351234431
Sist endret
02. mai 2024 04:12