Inaktiv

På jakt etter ein spennande og utviklande jobb? Bli assistent på Ortopedisk avdeling!

Arbeidsgiver
Ortopedisk klinikk/ Ortopedisk avdeling HUS, Helse Bergen
Stillingstittel
Assistent pleie
Frist
12.05.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Ortopedisk avdeling har ledig tre 15% faste stillingar for pleieassistent med arbeid pt kvar 3. helg.

Ortopedisk avdeling på Haukeland universitetssjukehus består av sengepostane OT øst, OT syd, OT vest og ortopedisk infeksjonspost, og har totalt 51 sengeplassar. Vi behandlar eit breidt spekter av ortopediske skader og infeksjonar. Sengepostane har eit tett samarbeid og ein må rekne med arbeid på alle fire sengepostane.

Stillingane er allereie ledige og det er ønskeleg med oppstart snarast!



Arbeidsoppgåver

Som pleieassistent hos oss får du arbeide med fleire spennande pasientgrupper og arbeidsoppgåver; kan nemne m.a.:

  • mottak, oppfølging og observasjon av pasientar før og etter operasjon
  • bistå pasientane med daglege gjeremål og mobilisering
  • du vil delta i eit tverrfagleg samarbeid for å gi pasientar best mogleg opphald på avdelinga
  • gi god omsorg for pasient og pårørande
  • andre generelle arbeidsoppgåver i avdelinga kan òg vere aktuelle

Kvalifikasjonar

  • Ønskeleg med relevant erfaring frå sjukehus
  • Bør ha kunnskap innan relevant medisinsk-teknisk utstyr og IKT-system brukt i sjukehuset
  • Må meistre norsk godt både munnleg og skriftleg
  • Krav om 400 timar pleieerfaring

Personlege eigenskapar

  • Du bidrar positivt til eit fagleg og kollegialt godt miljø
  • Du er punktleg og påliteleg
  • Du er målretta, og får oppgåvene gjort
  • Du har gode samarbeidsevner, er arbeidsvillig og initiativrik
  • Du må kunne vere både driftig og audmjuk

Vi tilbyr

  • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Høgt fagleg nivå
  • Eit engasjert og godt arbeidsmiljø med kompetente og stolte medarbeidarar
  • Relevant opplæring

Mangfaldserklæring
Vi ønsker å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søke ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonsevne og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønsker å legge til rette for inkluderande rekruttering.

Kontaktinformasjon

Ingrid Merete Hjelle, Avdelingssjef, 5597 3710, ingrid.merete.hjelle@helse-bergen.no

Arbeidsstad

Haukelandsveien 22

5021 Bergen

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Bergen



Referansenr.: 4804881451

Stillingsprosent: 15%

Fast

Søknadsfrist: 12.05.2024


Sektor
Offentlig
Antall stillinger
3
Sted
Haukelandsveien 22, 5021 Bergen
Stillingsfunksjon
Helsepersonell, Sykepleier, Helsepersonell / Helsefagarbeider/hjelpepleier
FINN-kode
350984373
Sist endret
02. mai 2024 03:05