Kyrkjeverje/ dagleg leiar 2. gongs utlysing
- Arbeidsgiver
- Suldal kyrkjelege fellesråd
- Stillingstittel
- Kyrkjeverje/ dagleg leiar
- Frist
- 24.05.2024
- Ansettelsesform
- Fast
Beskrivelse
Stillinga som kyrkjeverje i Suldal kyrkjelege fellesråd er ledig frå 1. august.
I fellesrådsområdet (Suldal kommune) er det 4 sokn, 4 kyrkjer og to kapell. Kyrkjekontoret ligg i kommunesenteret, Sand, og i staben er det to sokneprestar, diakon, kyrkjelydspedagog, organist og kyrkjeverje.
Suldal kommune ligg nordaust i Rogaland, og det bur i underkant av 4000 personar i kommunen. Vakker og variert natur som strekkjer seg frå fjord til høgfjell gir gode forhold for friluftsliv heile året. Det er godt barnehage-, skule- og kulturtilbod i kommunen.
Arbeidsoppgåver
Kyrkjeverja er dagleg leiar for fellesrådet si verksemd. Dagleg leiar har ansvar for saksførebuing og iverksetjing av tiltak vedtatt av kyrkjeleg fellesråd. Hovudoppgåvene vil vera innafor følgjande felt:
- Personalansvar for dei tilsette i kyrkjeleg fellesråd
- Budsjett og økonomistyring
- Drift, vedlikehald og nyanlegg knytt til kyrkjer/kapell
- Forvaltning av gravplassar
- Samarbeid med sokneråda og med kommunen
- Informasjonsarbeid
Kvalifikasjonar
- Relevant universitets-/høgskuleutdanning
- God skriftleg og munnleg framstillingsevne
- Kjennskap til organisering og arbeid i Den norske kyrkja
Personlige eigenskapar
- Evne til å arbeida sjølvstendig, samarbeida og motivera
- Personleg eignaheit vil verta vektlagt.
- Løysingsorientert
Søkjar må vera medlem i Den norske kyrkja. Den tilsette må disponera eigen bil. Administrasjonsspråk er nynorsk.
Vi tilbyr
- Ei mangfaldig, meiningsfull og sjølvstendig stilling i eit raust arbeidsmiljø
- Lønn etter avtale
- Pensjonsordning i Klp
Kontaktinformasjon
Anne Marit Øvstebø, Kyrkjeverje, 99 29 46 85Udmund Nybø, Fellesrådsleiar, 41 63 57 65
Arbeidssted
Sandsvegen 1344230 SAND
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Suldal kyrkjelege fellesrådReferansenr.: 4808220386
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 24.05.2024
- Sektor
- Offentlig
- Sted
- Sandsvegen 134, 4230 Sand
- Stillingsfunksjon
- Ledelse, Annet
- FINN-kode
- 350973691
- Sist endret
- 30. apr. 2024 01:09