Inaktiv

Helsefagarbeidar

Arbeidsgiver
Herøy kommune, Herøy omsorgssenter, seksjon blå
Stillingstittel
Helsefagarbeidar
Frist
14.05.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Vi har ledig ei fast, 85 prosents stilling som helsefagarbeidar i pleie- og omsorgsavdelinga. Arbeidsstaden er for tida ved Herøy omsorgssenter, seksjon blå. Stillinga er ledig frå 1. juni 2024. Arbeidstida er for tida organisert i todelt turnus, med arbeid to av seks helgar.

Seksjon blå er ein skjerma seksjon ved Herøy omsorgssenter, som ligg på Eggesbønes. Seksjonen har 16 pasientar. Vi jobbar særskilt med individtilpassa miljøarbeid for å fremje tryggleik hos desse pasientane.



Arbeidsoppgåver

  • miljøretta arbeid
  • pleie- og omsorgsoppgåver

Kvalifikasjonar

  • norsk autorisasjon som helsefagarbeidar
  • vidareutdanning og/eller erfaring innan demensomsorg, miljøterapi eller psykiatri er ein fordel
  • kan bruke IKT som arbeidsverktøy, og har gjerne erfaring med Gerica
  • god munnleg og skriftleg framstillingsevne

Kommunen har nynorsk som administrasjonsmål.

Godkjent autorisasjon og politiattest må leggast fram før tilsetting

Personlege eigenskapar

  • likar faglege utfordringar
  • samarbeider godt i team
  • er strukturert og sjølvstendig
  • kan prioritere mellom arbeidsoppgåver
  • er løysingsorientert og fleksibel
  • er god til å bygge tillit mellom pasient og helsepersonell

Vi legg stor vekt på personlege eigenskapar, i tillegg til kunnskap og erfaring.

Vi tilbyr

  • godt arbeidsmiljø med fokus på fagkompetanse
  • løn etter gjeldande tariffavtale
  • pensjon og forsikringsordning gjennom KLP
  • fagdag i turnus
  • stipendordning ved vidareutdanning i tråd med kompetanseplanen til kommunen

Vi tilset på dei vilkåra som går fram av gjeldande tariffavtale, lover og reglement.

Aktuelle kandidater vert kalla inn til intervju. Søkarlista kan verte offentleggjort.

Kontaktinformasjon

Sissel Reite, Seksjonsleiar, +47 99210028

Arbeidsstad

Sjukeheimsvegen 5C

6092 Fosnavåg

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Herøy kommune



Referansenr.: 4803767433

Stillingsprosent: 85%

Fast

Søknadsfrist: 14.05.2024


Sektor
Offentlig
Sted
Sjukeheimsvegen 5C, 6092 Fosnavåg
Stillingsfunksjon
Helsepersonell, Helsepersonell / Helsefagarbeider/hjelpepleier, Sykepleier
FINN-kode
350963363
Sist endret
02. mai 2024 01:12