Inaktiv

Gledesspreiar

Arbeidsgiver
Herøy kommune, pleie-og omsorgsavdelinga
Stillingstittel
Gledesspreiar
Frist
14.05.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Er du mellom 16 og 18 år og ønsker å arbeide ved sidan av skulen? Då er du kanskje vår neste gledesspreiar. Om du i tillegg har interesse av å arbeide med eldre, og har eigenskapar du meiner kan brukast i arbeidet, då bør du søke på stillinga!

Vi har ledig to stillingar ved Herøy omsorgssenter og fem ved Myrvåg omsorgssenter som gledesspreiar. Kvar stilling er på 9 prosent. Arbeidstida er kvar tredje helg på dagtid laurdag og søndag. Det vil vere mogleg å ta ekstravakter i feriar eller høgtider, i tillegg til faste helgar.

Dette er ei flott moglegheit til å finne ut om du har lyst til å utdanne deg innan helse og omsorg. Etter at du er 18 år er det mogleg å fortsette i ei rekrutteringsstilling på helg.



Arbeidsoppgåver

  • dekke bord og lage til frukost
  • assistere ved måltid
  • reie opp senger
  • drive miljøarbeid som til dømes trimprogram, song og musikk, høgtlesing, eller ved at alle får tilbod om ein tur i frisk luft i løpet av helga

Kvalifikasjonar

  • ungdom mellom 16 og 18 år
  • erfaringar og kompetanse som kan brukast i miljøarbeid

Personlege eigenskapar

  • likar å arbeide med menneske
  • har lyst til å samle praktisk erfaring under skulegang
  • likar å samarbeide i team
  • er strukturert og lærevillig
  • er løysingsorientert og fleksibel

Vi legg stor vekt på personlege eigenskapar.

Godkjent politiattest må leggast fram før tilsetting.

Vi tilbyr

  • løn etter gjeldande tariffavtale
  • eigen lønsstige til studentar i relevant utdanningsløp
  • fritidsforsikring
  • godt arbeidsmiljø med fokus på fagkompetanse

Vi tilset på dei vilkåra som går fram av gjeldande tariffavtale, lover og reglement.

Aktuelle kandidatar kan verte kalla inn til intervju. Søkarlista kan verte offentleggjort.

Kontaktinformasjon

Ane Nærø, Seksjonsleiar, +47 93875336

Arbeidsstad

Åsvegen 13

6080 Gurskøy

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Herøy kommune



Referansenr.: 4805259654

Stillingsprosent: 9%

Fast

Startdato: 01.06.2024

Søknadsfrist: 14.05.2024


Sektor
Offentlig
Antall stillinger
7
Sted
Åsvegen 13, 6080 Gurskøy
Stillingsfunksjon
Helsepersonell, Helsepersonell / Helsefagarbeider/hjelpepleier, Helsepersonell / Vernepleier/miljøterapeut
FINN-kode
350962811
Sist endret
30. apr. 2024 11:48