Inaktiv

Barnevernskonsulent/familierettleiar

Arbeidsgiver
Samnanger kommune
Stillingstittel
Barnevernskonsulent/familierettleiar
Frist
12.05.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Samnanger barnevernteneste er ein av dei minste i regionen - men me har store visjonar og treng deg med på laget! Trur du Samanger er langt vekk og er på nippet til å ikkje lese vidare? Les litt til og kjenn om dette er jobben for deg!

I Samnanger barnevernteneste arbeidar me saman som eit team. Me har stort fokus på kvalitet i alle beslutningar me tek. Brukarmedverknad og samhandling på tvers av einingar er høgt prioritert. Me er ein del av "laget kring barnet".

Me har ledig ein 100 % fast stilling og det er moglegheit for eit vikariat i 50 - 100 % i tillegg.

Arbeidsoppgåver

Som barnevernkonsulent og familierettleiar har du ansvar for å undersøke at barn og unge har det godt der dei bur, og bidra til at familiar får den hjelpa dei treng. Dette kan mellom anna innebere:

  • Sakshandsaming etter barnevernslova
  • Arbeid med undersøkingar og tiltak i og utanfor heimen, fosterheim og institusjon
  • Utgreiing av barn sin omsorgssituasjon, saksframstilling og vere kommunen sin part i sakar som vert fremma for Barneverns- og helsenemnda
  • Samtaler med barn/unge og deira føresette
  • Tiltaksarbeid direkte mot barn eller familiar
  • Ha rettleiingsgrupper
  • Godkjenning og rettleiing av besøksheimar og fritidskontakter
  • Førebyggjande barnevernsarbeid saman med andre tenester
  • Noko reiseverksemd og ettermiddagsarbeid må påreknast i stillinga. Dette kan også gjelde reise med fly til andre deler av landet.
Kvalifikasjonar

Krav

  • Stillinga krev fortrinnsvis bestått bachelorgrad i sosialt arbeid, sosionom eller barnevernspedagog
  • Søkjar med anna relevant høgskuleutdanning på bachelornivå kan vurderast dersom ein har master i barnevern, kan vise til minimum 2 års erfaring frå kommunal barnevernteneste, eller har allsidig erfaring frå arbeid med barn og foreldre som er relevant for arbeid i barneverntenesta
  • God munnleg og skriftleg fremstillingsevne på nynorsk
  • Krav om framvist politiattest
  • Førerkort og disponering av bil er naudsynt

Ønskjer

  • Relevant videreutdanning er ein fordel
  • COS, EFT, Marte Meo eller anna rettleiingskompetanse
  • Erfaring frå kommunal barnevernsteneste vil bli vektlagt
  • Evne til systematisk og effektivt arbeid blir vektlagt
  • Evne og vilje til fleksibilitet
  • Gode datakunnskapar
Personlege eigenskapar
  • Har evne til møte barn og deira foreldre med openheit, audmjukheit og respekt
  • Har gode samarbeidsevner
  • Har god evne til fagleg refleksjon
  • Har god arbeidskapasitet
  • Tåler å arbeide under press med korte tidsfristar
  • Bidreg til eit godt arbeidsmiljø
  • Har evne til å jobbe heilskapeleg og strukturert, både sjølvstendig og i samarbeid med andre
  • Det er ein forutsetning at du har forståing for barns medverknad og dokumentasjonskravet som ligg i stillinga
Me tilbyr
  • Arbeid i team
  • Direktekontakt med barn, unge og deira familier
  • Å være viktig i nokon sitt liv
  • Å bidra til å beskytte barn og unge i samfunnet
  • Å få jobbe i eit barnevern som er involvert i fleire spennande utviklingsprosjekt
  • Fagleg utvikling i eit kompetent, engasjert og godt arbeidsmiljø
  • Varierte og kjekke arbeidsoppgåver
  • Ein variert arbeidskvardag med spennande utfordringar
  • Fleksibel arbeidstid
  • Moglegheit for videreutdanning og kursing i rettleiingsmetodikk
  • Eit fagleg miljø med utfordrande oppgåver, gode moglegheiter for fagleg og personleg utvikling og høve til å vera med å forme ein kommune i positiv utvikling og vekst
  • Lønn, offentleg pensjon og arbeidsvilkår etter gjeldande lov- og avtaleverk
  • Gunstige pensjonsordningar, yrkesskade- og gruppelivsforsikring
  • Fleksible arbeidstidsordningar
  • Gode velferdsordningar
Arbeidstilhøve

Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. All utanlandsk utdanning må vera NOKUT godkjent. Me legg vekt på å leggja til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det.

Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader.
Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort, og vil ha moglegheit til å trekkja søknaden.

Som tilsett i Samnanger kommune vil du bli innmeldt i KLP si pensjonsordning. KLP tilbyr pensjon, bank og forsikringstenester og er Norges største pensjonsselskap. Ordninga dekker alderspensjonar, AFP, uførepensjon, etterlattepensjon, yrkesskade- og gruppelivsforsikring.

Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt JobbNorge.

Sektor
Offentlig
Sted
Tyssevegen 217, 5650 Tysse
Stillingsfunksjon
Barnevernspedagog, Omsorg og sosialt arbeid, Sosionom
FINN-kode
350955020
Sist endret
02. mai 2024 11:38