Inaktiv

Rådgjevar

Arbeidsgiver
INV - Vegforvaltning bergensområdet, Vestland fylkeskommune
Stillingstittel
Rådgjevar
Frist
14.05.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Vegforvaltning bergensområdet tek vare på fylkeskommunen sine forvaltningsoppgåver som vegeigar. Dette inneber varierte oppgåver som; handsaming av søknadar knytt til dispensasjonar frå byggjegrenser, avkøyrsler, graveløyve og skilt- og oppmerkingsplanar. Vi utførar også vegfaglege vurderingar av arealplanar med særleg fokus på trafikktryggleik og framkomst for alle trafikantar.

Fylkesvegane knyter fylket saman og skal fungere som ei trygg og føreseieleg ferdselsåre. Visjonen vår er å tilby eit effektivt, tilgjengeleg, sikkert og miljøvennleg vegsystem som dekkjer samfunnet sitt behov for transport og fremje regional utvikling. Vi har no ledig stilling hos Vegforvaltning bergensområdet og søkjer etter ein rådgjevar/seinorrådgjevar med kompetanse innan areal- og vegforvaltningssaker, som kan bli med på laget saman med 24 andre samfunnsengasjerte og inkluderande medarbeidarar. Vi har kontorstad i nye og topp moderne kontorlokale i Bergen sentrum.

Arbeidsoppgåver

  • Handsaming av søknader om avkøyrsler og dispensasjonar frå byggegrenser etter veglova.
  • Uttale til arealplanar og dispensasjonssaker etter plan- og bygningslova.
  • Fagleg medverknad i ulike utgreiingar og prosjektgrupper.
  • Rettleiing og samverknad med offentlege etatar, konsulentar og private aktørar.

Kvalifikasjonar

  • Relevant høgare utdanning på masternivå.
  • Kunnskap og erfaring om areal- og vegplanlegging og/eller handsaming av saker etter veglova, samt kjennskap til forvaltningslova.
  • Relevant praksis innan arbeidsområdet.
  • Det er ønskjeleg med førarkort klasse B.

Personlege eigenskapar

  • Gode samarbeid og kommunikasjonsevner.
  • Evne til å ta ansvar og arbeide sjølvstendig.
  • Høg arbeidskapasitet og likar varierte oppgåver.
  • Løysningsorientert og kan bygge tillit.

Vi tilbyr

  • Utfordrande og spennande arbeidsoppgåver.
  • Engasjerande og sterkt fagmiljø.
  • Fagsamlingar og sosiale arrangement.
  • Fleksibel arbeidstid og sommartid.
  • Mogelegheit med heimekontor.
  • Gode forsikrings- og pensjonsordningar.
  • Løn etter avtale.

Anna informasjon:

Administrasjonsmålet i fylkeskommunen er nynorsk. Nytilsetjingar i fylkeskommunen blir gjort med ei prøvetid på 6 månader. Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova §25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.

Kontaktinformasjon

Mats Korneliussen, leiar, 99341206

Arbeidsstad

Lars Hilles gate 22
5008 Bergen

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune

Referansenr.: 4790916536
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 14.05.2024

Sektor
Offentlig
Sted
Lars Hilles gate 22, 5008 Bergen
Stillingsfunksjon
Saksbehandler, Ingeniør, Rådgivning
FINN-kode
350948733
Sist endret
02. mai 2024 09:18