Leiar psykisk helse og rus/frisklivssentral

Arbeidsgiver
Solund kommune Helse og omsorg
Frist
19.05.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Solund kommune har ledig 100 % fast stilling som kombinert leiar for psykisk helse og rus og leiar av Frisklivssentralen, fordelt med ca. 50/50 % på kvart tenesteområde.

Ei stilling med gode kollegaer og eit godt leiarteam rundt. Stillinga har stor grad av sjølvstende og det er gode mogelegheiter til å påverke drifta av tenestene. Ein har kontor i same bygg som alle andre helsetenester i Solund.

Velkommen til oss!

Psykisk helse og rus:

Tenesta gjev tilbod etter lov om kommunale helse- og omsorgstenester til personar med psykiske helse og/eller rusrelaterte vanskar.

Som leiar for tenesta har ein personalansvar, men er også sjølv utøvande i tenesta.

Tenesta er eit lågterskeltilbod som arbeidar både førebyggjande og gjev målretta behandling/oppfølging. Målgruppa er brukarar med langvarige moderate til alvorlege vanskar eller kortvarige alvorlege vanskar.

Tenesta arbeidar tett med andre tenester, som heimeteneste, forvaltningskontor, NAV, spesialisthelsetenesta, kultur og frivillige.

Frisklivssentral:

Tenesta er eit lågterskeltilbod som skal fremje fysisk og psykisk helse og førebyggje utvikling av livsstilssjukdommar. Målgruppa er innbyggjarar som står i fare for å utvikle, eller som allereie har utvikla livsstilssjukdommar.

Frisklivssentralen arbeidar etter Helsedirektoratets rettleiar for frisklivssentraler.

Tilboda består av rettleiing/oppfølging innan fysisk aktivitet, kosthald, søvn og bruk av snus/røyk, samt rettleiing av fysisk aktivitet individuelt og i grupper.

Brukarens motivasjon for endring av levevaner står i fokus, og Motiverande Intervju er difor eit sentralt samtaleverktøy.

Arbeidsoppgåver:

  • Leie og vidareutvikle den faglege tenesta i samsvar med gjeldande lovverk og nasjonale føringar
  • Rapportering, oppfølging og utarbeiding av aktuelle planar
  • Miljøretta oppfølging av brukarar i psykisk helse og rustenesta
  • Rettleiing innan levevaner, og rettleiing av fysisk aktivitet i grupper/individuelt
  • Ansvar for drift av tenestene, inkl. økonomiansvar og administrative oppgåver
  • Leggje til rette for tverrfagleg samhandling og samhandling både internt og eksternt
  • Samhandle med aktuelle aktørar og frivillige for utvikling av tenesta
  • Andre oppgåver kan kome til ut frå kvalifikasjonar og erfaring

Kvalifikasjonar:

  • Krav om helse/sosialfagleg høgare utdanning
  • Kjennskap til relevant lovverk og nasjonale føringar
  • Må beherske norsk skriftleg og munnleg.
  • Førarkort klasse B
  • Det er ønskeleg med erfaring/utdanning innan psykisk helse og/eller rus.

Vi tilbyr:

  • Sterkt tverrfagleg miljø
  • Løn etter avtale
  • Hjelp til å skaffe bustad
  • Flyttegodtgjersle
  • Spanande faglege arbeidsoppgåver i nydeleg natur ytst i havet
  • I denne stillinga har du rett på ei av Noregs sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon. Der dei fleste tenestepensjonar berre utbetalast i 10 år, er offentleg tenestepensjon ei utbetaling som varer frå den dagen du sluttar å jobbe og livet ut. Les meir om medlemsfordelane i KLP her.
  • Godt arbeidsmiljø, og eit inkluderande samfunn.

Arbeidstid 08:00–15:30, måndag – fredag.

Vi gjer merksam på at søkjarliste er offentleg informasjon. Du kan be om at namnet vert unnateke offentlegheit, men då må du grunngje dette skriftleg, jf. § 25 i offentleglova. Om kommunen ikkje kan innvilge søknaden, vil du bli varsla før søkjarlista vert ferdigstilt.

Solund kommune har vurdert marknadsføring av stilling, og ynskjer berre kontakt med søkjarar.


Link til søknadsskjema: Søk her
Sektor
Offentlig
Sted
Hardbakke, 6924 Hardbakke
Stillingsfunksjon
Ledelse, Helsepersonell
FINN-kode
350946412
Sist endret
02. mai 2024 07:26