Sjukepleiar

Arbeidsgiver
Tysnes kommune
Stillingstittel
Ledig stilling som sjukepleiar
Frist
26.05.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Tysnes omsorgssenter ligg i nye, fine lokaler, i eit moderne bygg som stod ferdig i 2017. Me er oppteken av
pasientnært arbeid, og Hospital IT er eit av hjelpemidlane som gjev oss
meir kvalitetstid med bebuarane.

Tysnes omsorgssenter består av 30 institusjonsplassar, plassar til korttids- og
rehabiliteringsopphald og dagsenter for personar med demens. Me har óg
ein KAD-plass der det vert gitt tilbod om augeblikkeleg hjelp som
alternativ til innlegging på sjukehus.

Heimetenesta er lokalisert i samme bygg, og me har eit tett samarbeid for å sikre gode
tenester og eit heilskapleg pasientforløp.

Stabil tilsettgruppe og godt samhald

Me har ei stabil og faglig trygg gruppe tilsette med eit godt samhald. Her kan du lese meir om kva me verdsetter i arbeidsmiljøet her hos oss.

Me søkjer no etter ein ny kollega, med autorisasjon som sjukepleiar, til 80 % fast stilling.

Her kan du sjå deg rundt i våre lokaler (fungerar best på pc eller på mobil med wi-fi)

For andre stillingar sjå www.tysnes.kommune.no/jobb



Arbeidsoppgåver

  • Heilskapleg ansvar for pleie- og omsorg relatert til bebuarane.
  • Sjukepleiarfaglege oppgåver og vurderingar.
  • Miljøarbeid og observasjon av ADL-ferdigheiter.
  • Lage og følgje opp pleieplanar og prosedyrar.
  • Deltaking i gruppemøter, dagleg rapportering og ulike fagmøter.
  • Rettleiing av personalet og tverrfagleg samarbeid.
  • Pårørandesamarbeid.
  • Dokumentasjon i CosDoc.

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som sjukepleiar.
  • Relevant erfaring og kjennskap med brukargruppa er eit ønskje.
  • Tverrfagleg forståing - saman yt me best teneste.
  • Gode grunnleggjande datakunnskap.
  • God norskkunnskap, både munnleg og skriftleg.
  • Godkjent politiattest må leggast fram ved tilsetjing.

Personlege eigenskapar

  • Du ser verdien av ei heilskapleg og personsentrert omsorg, og fordelar med aktivitet og mobilisering av brukarane sine ressursar.
  • Du brenn for faget, tek ansvar og arbeider målretta med pasientplanar, og oppfølginga av desse.
  • Du er vennleg og tillitsvekkande, fleksibel, viser initiativ, og er delaktig i utviklinga for godt pasientarbeid og arbeidsmiljø.
  • Du har pågangsmot, har løysingsfokus og gode samarbeidsevner.
  • Personlege eigenskapar vert tillagt stor vekt.

Vi tilbyr

  • Stillingsbrøk: 80 %.
  • Turnusarbeid, dag/kveld med arbeid kvar 3. helg.
  • Høgt fagleg nivå i personalgruppa.
  • Løn etter kvalifikasjoner.
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar gjennom KLP.
  • Høve for flyttegodtgjerdsel ved fast tilsetjing.
  • Ein arbeidsplass som har eit godt og inkluderande arbeidsmiljø.

Mangfaldserklæring
Tysnes kommune ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Me oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Me ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.

Kontaktinformasjon

Helga Nilsen Boland, Einingsleiar Tysnes omsorgssenter, 95 17 68 46

Kristine Trane, Kommunalsjef helse og omsorg, 90 04 15 61

Arbeidssted

Uggdalsdalen

5685 Tysnes

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: Tysnes kommune



Referansenr.: 4790652058

Stillingsprosent: 80%

Fast

Søknadsfrist: 26.05.2024


Sektor
Offentlig
Sted
Uggdalsdalen, 5685 Uggdal
Stillingsfunksjon
Sykepleier, Helsepersonell
FINN-kode
350942363
Sist endret
02. mai 2024 06:40