Produksjonsleiar

Arbeidsgiver
Bane NOR SF
Frist
27.05.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse


Me ser etter ein proaktiv person som trivst i ei leiarrolle, er flink til å byggja relasjonar, og verdset betydninga av eit godt samarbeid mellom leiinga og tillitsvald. Er det deg eller nokon du kjenner? Me ser primært etter deg som har erfaring som leiar i ein operativ organisasjon, og som har forretnings- og økonomiforståing. Viss du i tillegg har høgare utdanning, spesielt innan leiing, vil det vera ein fordel. Eventuell relevant realkompetanse og erfaring kan kompensera for utdanningskravet. Du vil inngå i avdelinga vår i Ål.

Du er proaktiv og ein lagspelar som har evne til å leia ei operativ avdeling. Du trivst med varierte arbeidsoppgåver og kan jobba både sjølvstendig og i team. Du set deg klare mål og blir motivert av å oppnå gode resultat. Gjennom god kommunikasjon og samarbeid er du medvite rolla di som leiar. Som produksjonsleiar er du sentral i rolla for produksjon på strekninga.
Du jobbar tett med driftsleiaren, andre produksjonsleiarar og planleggjarane til strekninga, og du tek sjølvstendig styring i utpeika prosjekt og arbeid. Du er ein dyktig leiar som vil ha personalansvar for kompetente fagarbeidarar. Du er målretta, og sørgjer for god gjennomføring i heile verdikjeda, frå planlegging til evaluering av gjennomført arbeid. Hos oss får du

Vi er ein organisasjon i vekst. Viktigheita av oppgåvene våre vil prega arbeidsmiljøet rundt deg, med flinke folk som brenn for det dei jobbar med. Me set fagleg utvikling høgt, med interne kompetansebyggjande moglegheiter for våre tilsette. Du får arbeidsforhold for tida me lever i - med fleksibel arbeidstid og eit sosialt miljø med m.a bedriftsidrettslag, sosiale og faglege arrangement. Blant tilsettgoda finn du svært gode pensjons- og forsikringsordningar, og sjølvsagd personalbillett med Go Ahead, SJ Nord og Vy tog. Me har også:
  • Høve til å jobba noko heimanfrå
  • Permisjonsordninger som møter behovet ditt
  • God seniorpolitikk

Vi er også oppteken av work-life-balance - for me trur at du fungerer betre på jobb om du fungerer godt privat.
Arbeidsoppgåver

  • Lederansvar med personalansvar
  • Sørgja for god utnytting av ressursar, m.a. turnusplanlegging
  • Lede produksjon og sikre effektiv planlegging
  • HMS-ANSVAR og oppfølging
  • Kurs- og kompetansestyring
  • Økonomioppfølging
  • Analyser, rapportering og oppfølging av drifta
  • Stedfortreder for driftsleiar
  • Andre oppgåver kan tilleggjast stillinga
  • Noko reiseverksemd må påreknast
Dette trur me du treng for å lykkast og trivast
  • Høgare utdanning på bachelornivå/ Teknisk utdanning (ingeniør, teknisk fagskule eller liknande)
  • Relevant realkompetanse kan kompensera for utdanningskravet
  • Ledelseserfaring med organisasjonar i endring er ein fordel
  • Erfaring med arbeidsleiing og prosjektgjennomføring
Kjekt å vita

Me meiner at inkludering og mangfald er ein styrke. Me ønskjer oss kollegaer med ulike kompetansar, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra til endå betre oppgåveløysing. Det er viktig for oss at medarbeidarane våre identifiserer seg med våre verdiar som er open, respektfull, engasjerte og nytenkjande. Kva betyr desse verdiane for deg?

Bane NOR samarbeider med Semac som er ein ekstern leverandør om bakgrunnssjekk av aktuelle kandidatar. Bakgrunnssjekken blir utført etter samtykke frå deg som søkjar og inneber at me verifiserer CV og annan søknadsdokumentasjon i samband med tilsetjinga.

Vil du setja verkelege spor, håpar me du tek kontakt med oss.



Sektor
Offentlig
Sted
3570 Ål
Stillingsfunksjon
Ledelse, Prosjektledelse, Ingeniør
FINN-kode
350938112
Sist endret
15. mai 2024 10:03