Inaktiv

ID 2189 Sesongarbeider grønt - Eining for tekniske tenester

Arbeidsgiver
Stord kommune
Stillingstittel
Sesongarbeider grønt
Frist
12.05.2024
Ansettelsesform
Sommer/Sesong

Beskrivelse

ID 2189 Sesongarbeidarar grønt - Tekniske Tenester


Tekniske tenester er ei eining i Stord kommune som er lokalisert på Rundehaugen 45 på Heiane. Eininga har totalansvaret for utbygging, forvaltning, drift og vedlikehald av kommunale bygg og anlegg, veg, vatn og avløpsanlegg. Grøntavdelinga har ansvar for dagleg drift og vedlikehald av grøntanlegg i m.a. friområde, parkar, idrettsanlegg, skular og barnehagar.


Det er ledig ein stillingar som sesongarbeidarar grønt.


Me søkjer fortrinnsvis ein sesongarbeidar i 100% stilling frå snarast og fram til 30.09.24. Søkjar som ynskjer å arbeida kortare periode kan vurderast. Det må då gå fram av søknaden kva tidsrom du søkjer for.


Arbeidsoppgåver:


  • Planting, vatning, luking av bed, stell av trær og planter
  • Rydding/trehogst
  • Nedkjemping av ugras
  • Grasklipping
  • Tømming av bosspann
  • Kosting i parker og byrom
  • Anna førefallande arbeid knytt til drift av grønt
  • Vedlikehald av utstyr/reiskapar

Kvalifikasjonar:


  • Søker må være over 18 år
  • Grønt fagleg utdanning er ein fordel
  • Kurs i arbeidsvarsling 1
  • Sprøytesertifikat
  • Interesse og erfaring med gartnararbeid
  • Krav om førarkort for personbil kl B (manuelt gir) og traktor

Personlege eigenskapar:


  • Må trivast i praktisk arbeid i all slags ver
  • Pliktoppfyllande og ansvarsbevisst
  • Vektlegg å få til eit godt og trygt arbeidsmiljø
  • Gode samarbeidsevner
  • Serviceinnstilt og fleksibel

Me kan tilby:


  • Varierte arbeidsoppgåver
  • Godt arbeidsmiljø
  • Stord ve og vel med moglegheit for leige av leilegheiter i Røldal, Husøy med båt og utleige av tilhengarar mm.
  • Løns- og arbeidsvilkår i samsvar med kommunalt avtaleverk

Dersom søkjar ynskjer å verta unnateke frå offentleg søkjarliste, må det grunngjevast. Opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort, sjølv om søkjar har bedt om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjar vert varsla dersom ynskje om reservasjon ikkje vert teke til fylgje.


Nærare informasjon om stillinga kan De få ved å kontakta driftsleiar Anne Randi Naurstad tlf. 45701545.

Sektor
Offentlig
Stillingsfunksjon
Annet, Håndverker, Driftsoperatør/vaktmester
FINN-kode
350931188
Sist endret
30. apr. 2024 07:50