Pedagogisk psykologisk rådgjevar 2 x 100% fast - PP-tenesta - 2. gongs utlysing

Arbeidsgiver
Kvinnherad kommune Barn og familie
Frist
09.06.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Eining Barn og familie - er ei av 21 einingar i sektor oppvekst. Eininga er delt inn i fem avdelingar: Barnevern, helsestasjon, PPT, avdeling for Familiestøtte og Villatoppen Avlastningsbustad. Eininga held til i lokalar på Husnes tenestesenter på Husnes.

Om stillinga:

Eining barn og familie har ledig 2 x 100% fast stilling som pedagogisk psykologisk rådgjevar ved PP-tenesta frå 01.08.24. Vi søkjer deg som likar å jobbe saman med barnehagar og skular i utvikling av eit inkluderande oppvekstmiljø for alle barn og unge. I denne omgang treng vi skulefagleg bakgrunn.

PP-tenesta legg vekt på å støtte barnehagane og skulane i arbeidet med ein inkluderande praksis. Vi har faste dagar , ute i barnehagane og skulane der fokus er rettleiing og støtte i arbeidet med førebygging, fange opp og følge opp.

Du som har tru på at proaktiv, inkluderande og positivt arbeid er vegen å gå for å leggje godt til rette for trivsel og utvikling for alle, bør søkje.

Arbeidsoppgåver:

Hovudarbeidsoppgåver for stillinga:

  • Varierte arbeidsoppgåver i samsvar med barnehage- og opplæringslova
  • Samarbeide med barnehage og skule i arbeidet med ein inkluderande praksis
  • Støtte og rettleie barnehage og skule i arbeidet med kompetanse- og organisasjonsutvikling
  • Rådgjeving og rettleiing innan ulike spesialpedagogiske fagområde
  • Deltaking i ressursteam
  • Sakkunnig arbeid
  • Tverrfagleg samarbeid med andre hjelpetenester

Kvalifikasjonar:

Mastergrad innan spesialpedagogikk, pedagogikk eller psykologi, godkjend lærarutdanning med 2.avdeling Spes.ped. eller tilsvarande, Ped. Psyk. rådgjeving, psykolog.

  • Gode kvalifikasjonar, kunnskapar om- og erfaring med arbeid i grunnskule
  • Det er ein fordel med utgreiingskompetanse innan ulike lærevanskar
  • Evne og vilje til å arbeide målretta, strukturert og sjølvstendig, samt ha samhandlingskompetanse
  • Kompetanse og erfaring med organisasjonsutvikling er ein fordel
  • Erfaring frå PPT eller anna rettleiing/rådgjevingsteneste er ein fordel
  • Søkjar må kunne arbeide tverrfagleg
  • Søkjar må ha god kunnskap i norsk skriftleg og munnleg
  • Personlege eigenskapar vert vektlagt ved tilsetjing

Den som vert tilsett må ha sertifikat og disponera bil.

Vi tilbyr:

  • Tilsetjing skjer etter gjeldande vilkår for kommunale arbeidstakarar i samsvar med HTA og AML
  • Pensjonsordning, ulykkes- og gruppelivsforsikring gjennom KLP
  • Kvinnherad kommune er ei IA-verksemd
  • Faglege utfordringar i eit godt arbeidsmiljø
  • Utfordrande og varierte arbeidsoppgåver
  • Rettleiing
  • Fleksitid
  • Løn etter kvalifikasjonar. Relevante funksjonstillegg vil verta vurdert.
  • Dekning av flytteutgifter etter nærare reglar

Rekrutteringstillegg: I dei yrkesgruppene der det er vanskeleg å rekruttera kvalifisert arbeidskraft, gjev Kvinnherad kommune eit ekstra rekrutteringstillegg. I stilling som Pedagogisk psykologisk rådgjevar i PP-tenesta vil ein får tildelt kr. 50 000,- i 100% stilling. Eingongstillegget vil bli gitt mot bindingstid på 2 år.


Det er krav om gyldig politiattest før du tiltrer i stillinga. Kravet er heimla i lov om barnevern § 12-11, opplæringslova § 10.9, lov om barnehagar § 30, Helsepersonellova § 20 og helse- og omsorgstjenesteloven § 5-4.


Link til søknadsskjema: Søk her
Sektor
Offentlig
Antall stillinger
2
Sted
Sentrumsvegen 29, 5460 Husnes
Stillingsfunksjon
Undervisning og pedagogikk, Omsorg og sosialt arbeid, Annet
FINN-kode
350930064
Sist endret
23. mai 2024 08:47