Spesialpedagog i barnehagane 100% fast - 2. gongs utlysing

Arbeidsgiver
Kvinnherad kommune Barn og familie
Frist
20.05.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Eining Barn og familie - er ei av 21 einingar i sektor oppvekst. Eininga er delt inn i fem avdelingar: Barnevern, helsestasjon, PPT, avdeling for Familiestøtte og Villatoppen Avlastningsbustad. Eininga held til i lokalar på Husnes tenestesenter på Husnes.

Omtale av stillinga

Kvinnherad kommune har ledig 100% fast stilling som spesialpedagog i barnehagane for tilsetting frå 01.08.24.

Barnehageteamet er knytt til barnehagane i Kvinnherad kommune med eit særskilt fokus på tidleg innsats og spesialpedagogisk hjelp og har ei utøvande og veiledande rolle innan spesialpedagogisk arbeid.

Spesialpedagogane har oppmøtestad i inntil to barnehagar. Styrar i den enkelte barnehage er spesialpedagogen sin næraste leiar. Oppmøtestad vil endrast kvart tredje år. Spesialpedagogane vil ha ein koordinator i PPT som har ansvar for rekruttering og oppfølging ved langtids sjukefråvær, i tett samarbeid med styrarane. Spesialpedagogane vil delta i eit spesialpedagogisk nettverk med møter kvar 6. veke for faglege drøftingar og påfyll. Ut over detta vil spesialpedagogen ha sin fulle arbeidsdag i to barnehagar. Spesialpedagogane vil ikkje være del av grunnbemanninga i barnehagane.

Arbeidsoppgåver

  • Er ein fagleg ressurs innan spesialpedagogisk område for barnehagen
  • Arbeide med førebygging og tidleg innsats på individ og systemnivå
  • Observasjon og kartlegging
  • Rettleiing på individ- og systemnivå
  • Styrking av det systematiske språkarbeidet.
  • Ansvar for spesialpedagogisk hjelp etter §31 i barnehagelova.
  • Utarbeide individuell utviklingsplan (IUP) og årsrapport i samarbeid med pedagogisk leiar.
  • Tverrfagleg samarbeid med andre hjelpetenester

Kvalifikasjonar

Godkjent barnehagelærarutdanning. Vidareutdanning innan spesialpedagogikk eller pedagogikk, 2.avdeling spes.ped. eller anna relevant utdanning. Det er ønskjeleg med rettleiarkompetanse.

Personlege eigenskaper

  • Personlege eigenskapar vert vektlagt ved tilsetjing
  • Erfaring frå arbeid med rettleiing er ei føremon
  • God samarbeidsevne, god kommunikasjon og relasjonsbyggjar
  • Eigna for arbeid med barn og foreldre
  • Evne til å arbeide effektivt, sjølvstendig, målretta og strukturert
  • Evne til fleksibilitet og endringsvilje
  • Krev gode norskkunnskapar
  • Har god skriftleg og munnleg framstillingsevne
  • Å kunne arbeide tverrfagleg

Vi forventar at søkjar har vilje til å auke sin kompetanse innanfor relevante områder og ut frå tenesta sitt behov.

Den som vert tilsett må ha sertifikat og disponera bil.

Vi tilbyr

  • Tilsetjing skjer etter gjeldande vilkår for kommunale arbeidstakarar i samsvar med HTA og AML.
  • Pensjonsordning, ulykkes- og gruppelivsforsikring gjennom KLP.
  • Kvinnherad kommune er ei IA-verksemd.
  • Faglege utfordringar i eit godt arbeidsmiljø.
  • Utfordrande og varierte arbeidsoppgåver.
  • Rettleiing.
  • Løn etter kvalifikasjonar.
  • Dekning av flytteutgifter etter nærare reglar.
  • Kvinnherad kommune har gratis SFO.
Rekrutteringstillegg: I dei yrkesgruppene der det er vanskeleg å rekruttera kvalifisert arbeidskraft, gjev Kvinnherad kommune eit ekstra rekrutteringstillegg. I denne stillinga som spesialpedagog i barnehagane vil ein får tildelt kr. 50 000,- i 100% stilling. Eingongstillegget vil bli gitt mot bindingstid på 2 år.

Det er krav om gyldig politiattest før du tiltrer i stillinga. Kravet er heimla i lov om barnevern § 12-11, opplæringslova § 10.9, lov om barnehagar § 30, Helsepersonellova § 20 og helse- og omsorgstjenesteloven § 5-4.


Link til søknadsskjema: Søk her
Sektor
Offentlig
Sted
Sentrumsvegen 29, 5460 Husnes
Stillingsfunksjon
Undervisning og pedagogikk, Omsorg og sosialt arbeid, Annet
FINN-kode
350929562
Sist endret
30. apr. 2024 01:15