Inaktiv

Kreftsjukepleiar

Arbeidsgiver
Medisinsk sengepost Volda, Helse Møre og Romsdal HF
Stillingstittel
Kreftsjukepleiar
Frist
14.05.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse


Medisinsk sengepost ved Volda sjukehus er ein aktiv og spennande arbeidsplass med eit solid fagmiljø, hyggjelege og engasjerte kollegaer.

Vi har ledig fast 100% stilling som kreftsjukepleiar.

Medisinsk sengepost samarbeider tverrfagleg med tydleg fokus på best mogleg pasientbehandling og omsorg. Sengeposten tek imot pasientar med eit stort spekter av diagnosar og er ein arbeidsplass som gir god breidde i kompetanse og erfaringar for deg som sjukepleiar.

Du finn Volda midt i det beste Noreg kan by på av fjell og fjord. Her kan du oppleve dei ville og vakre sunnmørsalpane med alt frå enkle ruter og oppmerka stiar i flate fjelldalar til utfordrande klatreturar og fantastiske toppturar. Her er også eit særs blomstrande kultur- og idrettsliv og eit attraktivt studiemiljø ved Høgskulen i Volda. Det er gode kommunikasjonar med flysamband til Oslo og Bergen frå Ørsta/Volda lufthamn. Sjå meir om Volda her: http:/https://www.youtube.com/watch?v=FHDuVf1TpYY/og her: https://www.youtube.com/watch?v=NGSg6xygovY

Vitnemål, attestar og tenestebevis må lastast opp som vedlegg til søknad/CV.



Arbeidsoppgåver

  • Sjukepleiefagleg ansvar for fagutvikling i tilbodet til kreftpasientar ved ulike faser av kreftsjukdomen
  • Heilskapleg og tverrfagleg arbeid knytt til behandling, symptomlindring, palliasjon og informasjon til denne pasientgruppa
  • Delta i arbeidsoppgåver knytt til andre pasientar i sengeposten
  • Arbeidet er organisert i tredelt turnus med arbeid kvar tredje helg

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som sjukepleiar
  • Vidareutdanning innan onkologi, palliasjon eller annan relevant vidareutdanning
  • Erfaring frå arbeid i sjukehus og kjennskap til fagområda vert vektlagt
  • God IKT-kompetanse
  • Gode norske språkkunnskapar skriftleg og munnleg

Personlege eigenskapar

  • Personleg eignaheit er ein vesentleg eigenskap
  • Du er pasientorientert og framtidsretta
  • Du er ansvarsbevisst, strukturert og nøyaktig
  • Du er fleksibel, initiativrik og endringsvillig
  • Du er motivert for godt tverrfagleg samarbeid
  • Du medverkar til eit godt arbeidsmiljø og har god evne til samarbeid

Vi tilbyr

  • Sterkt tverrfagleg samarbeid
  • Ein inkluderande arbeidsplass
  • Løn etter gjeldande overeinskomstar
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår

Kontaktinformasjon

Camilla Aam Nupen, Seksjonsleiar, 47617905, Camilla.Aam.Nupen@helse-mr.no

Arbeidssted

Kløvertunvegen 1

6100 Volda

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: Helse Møre og Romsdal HF



Referansenr.: 4807597078

Stillingsprosent: 100%

Fast

Søknadsfrist: 14.05.2024


Sektor
Offentlig
Sted
Kløvertunvegen 1, 6100 Volda
Stillingsfunksjon
Sykepleier, Helsepersonell
FINN-kode
350924305
Sist endret
30. apr. 2024 01:05