Variert jobb med aktivitetar inne og utandørs.

Arbeidsgiver
Prima Assistanse avdeling Møre og Romsdal
Stillingstittel
BPA assistent
Frist
Snarest

Beskrivelse

15 år gamal gut som er ein kløppar i gaming og diggar manga søker BPA-assistent. Døme på andre aktivitetar er trening, turar, kajakk, sykling og ski.

Eg treng deg som kan følge meg i skuledagen og på fritida – det er difor viktig at vi begge trivast med desse aktivitetane. Vi bur i Sande kommune og har kort veg til både sjø, turvegar, fjell, treningssenter og gymsal for å nevne noko.

Eg både går og brukar armane sjølv, so arbeidsdagen vil i stor grad vere å gi støtte til gjennomføring av aktivitetar på ein god og forutsigbar måte. Innimellom må vi reise i Noreg eller lengre, og det er mogleg at BPA vil bli spurt om å bli med.

Du vil vere del av eit team i %vis turnusstilling/tilkallingsvakt. Stillingsprosenten kan variere så skriv litt om hvor mye du kan tenke deg og jobbe.

Som person har du gjerne ro, omsut og er «påkobla». Grunna stillinga sin art er det ønskjeleg at du er i god fysisk form.

Vi ønsker vidare at du:

• Er trygg og stabil

• Er i forkant av ting

• Er god på kommunikasjon

• Er utadvendt og kan by på deg sjølv

• Trivast med ungdom

• Har ein god porsjon humor

• Du må ha førerkort klasse B

• Snakkar flytande norsk

Alle som vert ansatt i Prima Assistanse må ha plettfri vandel (politiattest).

Vi kan tilby:

• God opplæring av arbeidsleder (mor) og kurs gjennom Prima Assistanse

• Mulighet for reise

• Stabilt og trygt arbeidsmiljø

• Lønn etter tariff

Høyrest dette interessant ut? Send søknad med CV og referansar. Vi intervjuar fortløpande


Sektor
Privat
Sted
6083 Gjerdsvika
Stillingsfunksjon
Helsepersonell, Annet, Helsepersonell / Helsefagarbeider/hjelpepleier
FINN-kode
350921831
Sist endret
30. apr. 2024 12:56