Inaktiv

Er du løysningsfokusert i arbeidet med elevar?

Arbeidsgiver
Hå kommune Skoleavdelingen
Stillingstittel
Miljøterapeut
Frist
15.05.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Oppvekst og kultur har frå 1.8.2024 ledige faste og midlertidige stillingar som miljøterapeut ved skulane i Hå. Stillingsprosent varierar. Søkjarar som ønskjer deltidsstilling må oppgje ønskja stillingsprosent. Ønskje med omsyn til skule kan takast med i søknaden.

Vi søkjer personer som er utdanna vernepleiar, sosionom eller barnevernspedagog. Du har god fagleg kompetanse og er god på relasjonsarbeid. Du er ein trygg vaksen i møte med elevar. Det er viktig at du kan arbeide sjølvstendig samtidig som du er god på samarbeid og kan arbeide i team.

Nærare omtale over den einskilde skule finn du på Hå kommune si heimeside, https://www.ha.no/skule/skulane-i-ha/

Behova ved kvar skule er per i dag slik:
- Bø skule: ca 320%, fast og vikariat. Ein av stillingane krevjar helsefagleg bakgrunn
- Motland skule: ca 160%, 2 vikariat. Ein av stillingane krevjar helsefagleg bakgrunn
- Varhaug skule: ca 80%
- Vigrestad skule: 100%, vikariat frå 1.aug 24 til 31.jan 2025.
- Ogna skule: ca 80% fast stilling, i hovudsak på 1. – 4.trinn og SFO
- Varhaug ungdomsskule: ca 70%

Attestar og vitnemål
Vi ber om at du lastar opp attestar og vitnemål, i PDF-format, saman med søknaden din. Utenlandske vitnemål må vera godkjende av Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse (https://hkdir.no) og utenlandske attestar oversatte til eit skandinavisk språk eller engelsk.

Politiattest
Gyldig politiattest nyare enn tre månader må leverast før tiltreding.

Tilsetjingsvilkår
Tilsetjinga skjer på dei vilkår og med dei plikter som framgår av utlysninga, og dei til einkvar tid gjeldande lovar, regler og tariffavtalar. Kommunen har gode pensjons- og forsikringsordningar med ulykkesforsikring i fritida. Kommunen har ei prøvetid på 6 månader og regler for flyttegodtgjersle.


Link til søknadsskjema: Søk her
Sektor
Offentlig
Antall stillinger
9
Sted
Rådhusgata 8, 4360 Varhaug
Stillingsfunksjon
Helsepersonell / Vernepleier/miljøterapeut, Undervisning og pedagogikk, Barnevernspedagog
FINN-kode
350919928
Sist endret
30. apr. 2024 12:52