Pleiemedarbeidar - helg
- Arbeidsgiver
- Vaksdal kommune
- Stillingstittel
- Pleiemedarbeidar - helg
- Frist
- 26.05.2024
- Ansettelsesform
- Fast
Beskrivelse
Om stillinga
Arbeidsoppgåver vil mellom anna vere
Krav til kompetanse
Personlege eigenskapar
Vaksdal kommune kan tilby
Ved Ressurssenteret treng vi fleire dyktige kollegaer, og har ledige faste helgestillingar på 13-20%.
Er du interessert i ei meiningsfull og givande helgestilling? Er du til dømes student på jakt etter deltidsjobb, eller har du ei genuin interesse for å arbeide med eldreomsorg?
Då har vi jobben for deg! Du vil sjølvsagt få både opplæring og oppfølging.
Arbeidsoppgåver vil mellom anna vere
- Oppfølging av pasientar med alt frå stell til hjelp til daglege gjeremål
- Medisinhandsaming, ut frå kompetansenivå
- Medisinsk oppfølging ut frå kompetansenivå
- Kontakt og samarbeid med pårørande
Krav til kompetanse
- Helsefagarbeidar, eller anna relevant fagbrev
- Søkjarar utan formell kompetanse kan også bli vurdert. Skriv gjerne i søknad dersom du samlar timar og har ambisjon om å ta fagbrev
- Krav om godkjend politiattest
Me oppfordrar fast tilsette som ynskjer stillingsoppauke å søkje.
Personlege eigenskapar
- Du må vera kreativ og engasjert, med evne til å arbeide på nye og innovative måtar
- Du er fagleg trygg, modig og raus - og evnar å gjere tenesta, tilsette og brukarar gode
- Du må like å arbeide sjølvstendig og å ta ansvar på vakter
- Gode kommunikasjonsferdigheiter og evne til samarbeid i eit tverrfagleg perspektiv
- Er påliteleg og stabil
- Generelt gode datakunnskapar
- Likar du i tillegg travle dagar og å arbeide kunnskapsbasert, så er du kanskje interessert?
Personlege eigenskapar vert vektlagt, særskilt evne til å arbeide sjølvstendig og å vera fagleg trygg.
Vaksdal kommune kan tilby
- Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
- Kompetente og engasjerte kollegaer
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Individuell oppfølging
- Moglegheiter for støtte til etter- og vidareutdanning
- Løn i tråd med tariffavtaleverk
- Sektor
- Offentlig
- Sted
- Konsul Jebsensgate 16, 5722 Dalekvam
- Stillingsfunksjon
- Helsepersonell, Helsepersonell / Helsefagarbeider/hjelpepleier, Sykepleier
- FINN-kode
- 350902155
- Sist endret
- 30. apr. 2024 12:23